Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Hardbakke

Skjærgardstur i Solund - Sognefjord Active

Book

Kom deg heilt nedpå og opplev det fantastisk øyriket Solund. Norsk Kystkulturakademi vil lose deg gjennom ein uforgløymeleg tur.

Kom deg heilt nedpå og opplev det fantastisk øyriket Solund. Bli med på skjærgardspadling i Solund. Dyktige guidar frå Norsk Kystkulturakademi vil lose deg gjennom ein uforgløymeleg tur der du får lære meir om både lokalhistorie, geologi og dyreliv. Opplev sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå din kajakk. Kanskje du vil møte på havørna når du er ute og padla?

Ein av dei beste måtane å oppleve Solund på er frå kajakksetet. Frå havoverflata får du ei unik innsikt i kystkulturen, dyrelivet og geologien i området. Her ferdas du mellom dei 1700 øyane, skjæra og holmane i Solund. Turen inkluderar eit varmt lunsjmåltid på ein av øyane. Denne turen har ingen krav om tidligare kajakkerfaring og passar for alle. Familier og barn får turen til rabattert pris.

Sognefjord Active held introduksjonskurs, grunnkurs, teknikk-kurs og aktivitetsleiarkurs på førespurnad. Minimum tal på deltakarar er 4 personer. Sjå heimesida for kursskildring og prisar.

KAYAK THE FJORDS

Norsk kystkulturakademi/Sognefjord Active er medlem i kajakknettverket Kayak the fjords som tilbyr autentiske naturopplevingar på Vestlandet.

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Skjærgardstur i Solund - Sognefjord Active

Book

Sider du nylig har besøkt