Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Norsk Reiselivsmuseum

Book

Norsk Reiselivsmuseum er eit unikt, digitalt og moderne museum, som tar for seg bakgrunnen og utviklinga til reiselivet i Noreg.

I dag er Noreg ein av verdas mest kjende destinasjonar. Historia om korleis dette skjedde er historia om framveksten av eit nasjonalt image vel så mykje som historia om korleis Noreg vart oppdaga av det internasjonale publikum. I århundre hadde Skandinavia blitt sett på som eit grenseland; vêrhardt, fjernt og framandarta. Den norske naturen fortona seg som et paradis i nord for dei som kom: kunstnarane, vitskapsfolka, laksefiskarane og fjellklatrarane.

Frå pioneranes tid til i dag, har utviklinga gått med stormskritt, men til stadigheit er det dei same tinga turistar søkjer. Dramatisk og praktfull natur har ikkje berre vore bakteppe for nasjonalromantisk bygdeidyll, men òg vore – og har i aukande grad blitt - ein hovuddestinasjon i seg sjølv. På Norsk Reiselivsmuseum formidlar og utforskar me den fascinerande vegen frå villmark til verdsarv. I utstillingane på museet vil du få god oversikt over utviklinga av reiseliv og turisme i Noreg, historia til turismen i Balestrand, framveksten av kunstnarkoloniar, og høve til å besøke eit originalt drakestilshus – opphaveleg bustaden til kunstnaren Alfred Heaton Cooper.  Museet held til i eit spektakulært byggverk, med vegger skorne rett ut av grunnfjellet. I auditoriet synar me kortfilmar knytt til reiseliv og turisme, til dømes den nervepirrande dokumentaren om den norske kvinnelige luftfartspioneren Gidsken Jakobsen. Vi serverar kaffi, te, lokale drikkevarer og heimelaga kaker, smørbrød og anna godt. Nyt måltidet og den eineståande utsikten til fjella og Sognefjorden i Vindreken Kafé!

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Norsk Reiselivsmuseum

Book

Sider du nylig har besøkt