Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Værlandet

Norsk Sjøfuglsenter Værlandet

  • Værøyhamna, Askvoll
  • +47 95778071
  •  /  km From You
Overview

Opplev det spektakulære og nyopna Norsk Sjøfuglsenter i Værlandet og topptur til det kjende seglingsmerke Alden 481 m.o.h.

Værlandet og Norsk Sjøfuglsenter
Værlandet er ei idyllisk øygruppe vest for Askvoll i Sogn og Fjordane. Norsk Sjøfuglsenter opna dørene i 2012 og byr på interaktive og lærerike utstillingar. Vegg-i-vegg ligg Værlandet Kro & Tante Grys pub som i tillegg til mat og drikke tilbyr aktivitetar, båtskyss til Alden, sykkelutleige m.m. Værlandet er eit populært reisemål for aktivitetar som vandring, fiske, sykling og kajakkpadling.

Topptur til Alden
Ein kort båttur unna ligg Alden - øya som stig 481 meter opp av havet. Øya er kjent som "Den Norske Hest" på grunn av den karakteristiske forma. Fjellet er er eit av dei mest kjente seglingsmerka på Vestlandskysten og er synleg meir enn 100 km til havs! Tur til toppen tar ca 3 timar tur/retur.

Tilbodet inkluderer overnatting i dobbeltrom på Værlandet Gjesteheim, inngang på Norsk Sjøfuglsenter og båtskyss tur/retur Alden. Sesong april - oktober.

Reise hit
For å komme til Værlandet tar ein ferje frå Askvoll. Askvoll kjem ein enkelt til med ekspressbåt frå Bergen og Nordfjord eller med bil. Reiser ein med eigen båt kan ein legge til i gjestehamna på Værlandet, som er ein populær stoppestad for båtturistar langs kysten.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Pris frå
kr 600 per person
Click to activate
Askvoll, Norway
The latitude and longitude
61° 18' 54" N / 4° 43' 48" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad