Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Kviteseid

TripAdvisor rating of 4.5

22

Norsk Skieventyr i Morgedal

Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive utstillingar og fartsfylte filmar. I tillegg er der ein fantastisk vasspark for store og små.

Norsk Skieventyr er skimuseet i Morgedal
Den beste staden for å oppleve skikulturen og Morgedal si betyding for denne er på Norsk Skieventyr. Du kan lære om norsk ski- og polarhistorie gjennom ei multimediareise som startar 4000 år tilbake, og endar med dagens snobrett og twintip.

Museet gjev innsikt i skileiken som føregjekk i bakkane i Morgedal i 1850-åra og som var starten på den moderne skiidretten, generell skihistorie og sjølvsagt historia om pioneren Sondre Norheim. Vidare fortel utstillingane om kappløpet mot Sørpolen der Olav Bjaaland deltok, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip.

Til slutt, i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!

Les meir om utstillingane her

Vassparken i Morgedal

Utanfor skimuseet opna det i juni 2022 ein 45 meter lang kopi av Morgedalsvassdraget. Her kan ungane leike seg med fløyting av tømmerstokkar og produksjon av straum - plaske og kose seg.

Morgedalvassdraget har vore rekna som ei livsnerve for bygda. I tidlegare tider ga vassdraget matauke, det var transportåre for tømmer som ga inntekter og dei små fossefalla ga drivkraft til kverner og sagbruk. I dag er vassdraget ein del av Sundsbarmreguleringa som produserar store mengder el-kraft. Ein kopi av Morgedalvassdraget på uteområdet framfor Norsk Skieventyr utgjer ein ny og spanande attraksjon. Den formidlar ein del av bygdas historie gjennom fysiske installasjonar og digitale formidlingsflater. Det er og formidling via app, skilting og fysiske gjenstandar. Vi ynskjer å formidle den tidlege bruken av vatn, og kva det betydde for busettinga. I dag er bruken endra og vasskrafta gje store inntekter gjennom kraftproduksjon. 

Les meir her: Vassparken i Morgedal

Inne i sjølve skimuseet finn du også ein kafé med ein spanande meny. 

I kafeen er det leikekrok der ein kan bygge med Lego/Duplo og ha hopprenn i ein liten hoppbakke. Sjå film frå leikekroken her.

Museumsbutikken har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal og Vest-Telemark elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne viser deg turen vidare.
Det er gratis internett-tilgang.

Den fyrste vinterolympiske fakkelstafetten
Utanfor Skieventyret, ute i vatnet, lyser den olympiske elden. Elden blei tent fyrste gongen her i Morgedal til Vinter-OL i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.

​​​​Flott gåtur til Øverbø, staden Sondre Norheim vaks opp
Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge.

Velkommen til Norsk Skieventyr!

Sjå Stine Hartmanns rapport frå bl.a. Norsk Skieventyr i Den Moderne Askeladdens Dag 1 (16. mai 2017)!

Ta kontakt med Vest-Telemark museum for gruppeomvising utanom sesong. E-post: booking@vtm.no 

Last updated: 03/26/2024

Source: Vest Telemark

Norsk Skieventyr i Morgedal

Sider du nylig har besøkt