Hopp til hovedinnhold
Flatdal

Nutheim Gjestgiveri Restaurant

  • middagsbord på Nutheim Gjestgiveri
  • matrett som serveres på Nutheim Gjestgiveri
  • dessert og kaffe på terrassebord på restauranten på Nutheim Gjestgiveri
  • røkt laks med flatbrød og rømme
  • dessert som servers på Nutheim Gjestgiver
  • terrassen på Nutheim Gjestgiveri
  • Nutheim Gjestgiveri sett fra hagen om våren
  • Vertskap hos Nutheim Gjestgiveri
  • Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon 

for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan 

1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie.


Kunsten står i høgsetet hjå oss. 

Det var hit til Nutheim mange av våre fremste målarar kom for inspirasjon gjennom fleire tiår. 

Her tok dei for seg av ro, lys, luft og motiv - men også av mat, drikke og gjestfridomen. 

Den fjerne utsikta over dalar og fjell inspirerer like mykje til sjelefred som til nye djerve tankar. 

Saman med fellesskapet forløyste desse rammene skapande krefter som har sett djupe spor i 

norsk kunsthistorie.


Nutheim er den dag i dag ein arena for kunst og kultur. 

Med jamne mellomrom held me arrangement i form av til dømes utstillingar og konsertar, 

og dersom kursgjester eller andre har ynskje om kulturinnslag kan me ty til eit breitt utval 

av dyktige kunstnara
  • Nutheim gjestgiveri om våren

Som gamal skysstasjon og hotell har me tatt imot gjester og vegfarande til gode måltid og triveleg overnatting i over 100 år. Maten er laga frå botn av på lokale råverer.

Kilde: Vest Telemark