Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Flatdal

Nutheim Gjestgiveri

  • Flatdalsvegen 1283, Seljord
  • +47 35052143
  •  /  km From You
Overview
Details

Som gamal skysstasjon og hotell har vi tatt imot gjester og vegfarande til gode måltid og triveleg ovarnatting i over 100 år. Du et og drikk godt her, all vår mat er laga frå botn av og ølet bryggar me sjølve. Staden har vore i familiens eige sidan 1917, og hit kom mange av våre fremste målerar for å finne inspirasjon.

Vi er genuint opptekne av mat, og maten me serverer er ærleg og god.


Hjå oss kan du nyte godt varetekne tradisjonar overført frå mor til dotter heile
fire gonger. Solveig og Ellen lagar maten frå botnen av, ofte med råvarer frå lokale produsentar.


Ambisjonen er å vera rause, i detaljar og smak - og estetikken finn du ikkje
berre på veggane, du finn den også på tallerkane.


Sjølv om nokre av kakeoppskriftene kan daterast attende til før fyrste verdskrig,
lar vi oss kontinuerlig inspirere. I menyen vår kan du difor velgje i eit brett spenn av varierte
rettar, frå oldemors festgraut til franskinspirert and.


Vi serverar større og mindre lunsjrettar, kaffi og søte saker, kvar dag mellom
12.00 og 18.00, både inne i restauranten og på uteservering med fantastisk
utsyn over Flatdal, Skorve, Mælefjell og Lifjell.


Klokka 19.00 opnar vi dørene for kveldens ganenytelse, 4-rettars middag,
både til hotellgjester og andre som ynskjer et godt måltid.


Vi har et utval gode vinar, og serverar stolt vårt eige heimebryggja øl,
eplemost frå Epleblomsten i Sauherad og espressobaserte kaffedrikkar.

Nutheim bar har alle skjenkerettar.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Generelt

Årstid
  • Hele året

Taste Norway

Lokalmat
  • Lokal mat
  • Norsk mat
Restauranter og kafeer
  • Skjenkebevilgning
  • Lokale matretter
Click to activate
Seljord, Norway
The latitude and longitude
59° 34' 13" N / 8° 32' 54" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad