Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview

Nygard – turar for heile familien året rundt.

Nygard har fleire flotte turmål, og området er mykje brukt som turområde i Modalen både om sommaren og på vinteren. På vinteren frys som regel vatna her oppe, og det er populært å ta turen inn til Nystølen med barn, innover Kvanndalen eller å måla krefter med Nåmdalsfjellet eller Storfjellet.


Det er to stølar på Nygard som heiter Nystølen. Den inste, som ligg ved Svartavatnet, vart tidlegare nytta som kustøl, den ytste ved Steinavatnet som geitestøl. Stien er merka inn til geitestølen og går på høgre side langs Steinavatnet på godt synleg sti. Det er litt blokkstein midtvegs og nokre stader myrete. Stien er merka med blått og har pilskilt. Dette er ein fin familietur som òg passar for små barn.


Nåmdalsfjellet: Den vanlegaste ruta er å gå inn til Nystølen og orientere seg derifrå vest og sør bratt opp lia. Halvvegs oppe i lia kryssar du under kraftlina og følger terrenget slakt oppover. Toppvarden finn du på 839 m frampå kanten med god utsikt. Denne ruta er umerka og noko krevjande. 


Storfjellet: Ruta startar inn Kvanndalen og svingar nord-vest etter ei bratt stigning. Deretter er det jamn stigning fram til toppvarden på 1259 m. Dette er ein storslegen heildagstur for deg som har gått i vinterfjellet før. Ruta er umerka og krevjande.


Hugs å ta omsyn til om vatna er sikre på vinteren, og hald deg til vanlege forholdsreglar når det gjeld snøras. Toppturar på ski krev røynsle med vinterturar.


Berekna tid, Nystølen: 45 min ein veg


Gradering, Nystølen: Blå, lite til middels krevjande


Høgdeskilnad, Nystølen: 90 m (410–500 m.o.h.)


Frå Bergen: Nygard ligg 102 km nord-austover frå Bergen. Køyr E39 nordover til Romarheim, der tek du til høgre inn på FV 569 mot Mo i Modalen. Køyr 569 til Øvre Helland, der tek du til høgre på grusveg mot Nygard.  


Koordinatar: 60.90997, 6.00360


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Modalen, Norway
The latitude and longitude
60° 48' 50" N / 5° 48' 15" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad