Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bygstad

Nysna Gard

  • +47 41530661
  •  /  km From You
Overview

Nysna gard ligg i Bygstad, innerst i Dalsfjorden. Tunet ligg med Storehesten som bakgrunn og utsyn over Dalsfjorden. Omkransa av Nysnaelva og Tysseelva. Her finn du god atmosfære, elvesus og ro. Vi tilbyr gardsovernatting og servering av mat tilbereda av lokale råvarer frå garden og distriktet. Du kan slappe heilt av bestille servering i Gamlestova og overnatting i hovedhuset. Eller du ordne det meste sjølv, om du ønskjer det.


Overnatting


Gardshuset har 5 dobbelrom og eit enkeltrom. Det er eit bad med varmekablar i hovudetasjen, toalett i kjellar. Sengkle og handkle følgjer med.


Naust
Den gamle bygdevegen frå Kapstad til Kårstad gjekk gjennom tunet på garden. Via denne vegen kan vi gå til naustet, ca. 350 meter med traktorveg. I naustet har vi båt med motor, kano og fiskeutstyr. Ein kan og nytte bilveg fram.


Støl (Kvandalen)


Her kjem du til den ”flottaste” stad på jord. Kvandalen ligg 430 moh. midt mellom Storehesten (1209moh.) i aust og Bleja (1340moh) i vest. På Kvandalsstølen ligg fem sel to meter frå Kvandalsvatnet. Her kan du fiske din eigen middag. Det er fleire turruter for å komme til stølen, alt etter kor lang du ynskjer turen. Det ligg robåt i kvar ende av vatnet.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Gaular, Norway
The latitude and longitude
61° 22' 56" N / 5° 38' 2" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad