Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Oldedalen

  •  /  km From You
Overview

Den vakre dalen, Oldedalen

Oldedalen er ein sydvendt dal og bygdesamfunn inst i Nordfjord, sør for Olden i Stryn kommune. Sentralt i dalen er Oldevatnet og Oldenelva som renn gjennom dalen og ut i Nordfjorden. Oldevatnet er ein innsjø i Olden i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Vatnet har eit areal på 7,9 kvadratkilometer, er 12 kilometer langt og ligg 33 meter over havet. Langs vatnet finn ein fleire campingar og idylliske plassar ein kan stoppe opp ved. Om ein vil fiske er det muligheit for at ørreten bit på, ein får kjøpt fiskekort på Oldevaten camping.

Dalen er ei jordbruksbygd som i seinare tid også rommar mange turistretta tiltak. Oldedalen er omkrinsa av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Særleg kjent er Briksdalsbreen som ligg i sidedalen Briksdalen. Andre brearmar er Brenndalsbreen i sidedalen Brenndalen, og Melkevollsbreen som ligg i enden av hovuddalen.

I Oldedalen ligg også Hansa bryggeri sitt tapperi for "Olden" brevatn.

Oldedalen er ei frodig bygd med eit godt grunnlag for landbruk. Inst i dalen ligg gardane Gytri, Yri, Rustøen, Mykløen, Høgalmen, Myklebust, Melkevold, Briksdal, Åbrekk, Tungøen, Åberg og Kvamme.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages