Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stjørdal

Ole Vigs bauta

  • +47 74833500
  •  /  km From You
Overview
Details

Ole Vig var født på Vikmarka, ein husmannsplass i Stjørdal, 6. februar 1824. Her er det reist eit stort minnesmerke (1885) over Ole Vig (se kart).

Faren til Ole Vig var ein traust arbeidskar, ein klok og real mann. Mora var særs gåverik. Begge var religiøse. Ole hadde ei søster, Nikoline, og to brør som begge døde som små.

Ole utmerka seg i skulen og ved konfirmasjonsførebuinga som særs gløgg og lærenem. Seinare fekk prosten Widerø ordna med at Ole kom til Klæbu Seminar, som var det pedagogiske sentrum i Noreg på den tida.

Første lærarposten til Ole var ein huslærarpost hjå prost Magelsen i Åfjord, 19 år gamal. To år seinare kom han til Kristiansund, først i almueskulen og seinare i borgarskulen. Ole fekk innsyn i Grundtvig sine skrifter og dei gjorde inntrykk på han.

Ole reiste rundt på møte i bygd og by og starta lærarlag. Det er ikkje utan grunn at han har vorti kalla ”lærarstandens far”. Etter at Wergeland døde i 1845 var det Ole Vig som var den store folkeføraren på det kulturelle området her i landet.

Ole Vig tok til å skrive og i 1851 kom den første boka ”Liv i Norge”. Vig var ikkje nokon stor diktar. Mest kjent er diktet ”Blandt alle lande i øst og vest”.

I 1851 reiste han til Danmark for å møte Grundtvig. Turen styrkte han i draumen om ei norsk folkehøgskule. Det fekk han dessverre ikkje oppleve, då den første folkehøgskula vart ein realitet først 7 år etter at Ole Vig var død.

Hausten 1854 flytta han inn i huset til Wergeland i Pilestredet i Oslo. Ole Vig døde 19. desember 1857 i Hjerterum, berre 33 år gamal. Han vart gravlagd på Vår Frelsers Gravlund på sjølvaste julekvelden 1857. Ole Vig ligger begravet mellom Henrik Wergeland og Camilla Collett.

Hvert år deles det ut Ole Vig-pris i Stjørdal. Prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd. Det gjeld ungdommar frå heile landet utan omsyn til politisk oppfatning.

Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor eitt eller fleire av desse områda:
- Folkeopplysningarbeid
- Kunst
- Kulturarbeid medrekna idrett

Gjennom hele 2007 var det en rekke arrangement i Stjørdal som markerte at det dette året var 150 år siden Ole Vig levde.

Det nye, store kulturhuset i Stjørdal som ble åpnet 13. august 2015 av kronprins Haakon Magnus, KIMEN, vier mye oppmerksomhet til Ole Vig.


KUNNSKAP - DANNELSE - KULTUR - SAMFUNNSUTVIKLING
"...at vække Folket og bringe det til at tænke stort...."
Ole Vig


  • Last Updated:
  • Source: Visit Trondheim AS

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilgjengelig for rullestolbrukere
  • Handikapptoalett
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Barnebasseng
  • Konferansefaciliteter
  • Svømmebasseng
Skidestinasjoner
  • Langrenn

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Grillplass
  • Strand
  • Langrenn
  • Jakt og fiske
Langrenn
  • Lysløype

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - gratis
  • Parkering for busser
Tjenester
  • WiFi

Aktiviteter

Aktiviteter
  • Fotball
  • Svømmebasseng
Strender
  • Familievennlig
Click to activate
Stjørdal, Norway
The latitude and longitude
63° 28' 46" N / 10° 51' 18" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad