Skei I Jølster

Omvising og smaking på Vingarden på Jølst

Bestill
  • Vingarden på Jølst
  • Vingarden på Jølst
  • Vingarden på Jølst
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 47288004

  • Jølstravegen 2380

    Sunnfjord, Vestland

    Vis i kart

Opplev Vingarden på Jølst, ein unik fruktvingard. Ope gardsutsal.

Nyt ei unik oppleving på Vingarden på Jølst, der Vestavin-gründer Camilla Aasen er i full gang med å skape vestlandske råvarer om til moderne fruktvinar, og eit nedlagt småbruk om til ein unik fruktvingard.

I sommarsesongen er det faste omvisingar med smaking på Vingarden på Jølst der du får oppleve ein fruktvingard under oppbygging og får ein smak av kva som er mogleg å få til med vestlandske råvarer. Camilla tek deg imot og viser deg rundt på garden og i produksjonen, og deler av sin lidenskap for vestlandske smakar.

Ei omvising med smaking varer som oftast i 1,5 time og inkluderer fire smakeprøvar med små smakebitar til.

Ope gardsutsal.

  • Guidede turer

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord