Opplev Geiranger Skywalk Dalsnibba med emob





Bli med på ein fabelaktig tur forbi fossar, juv, jettegryter, setrar, isbrear, vatn og fantastiske fjell, og køyr på historisk veg mot høgdepunktet Dalsnibba.
Denne turen er ein juvel som blenkjer av rennande vatn, funklande is og skir fjelluft. På vegen mot det storslåtte målet Dalsnibba, 1500 meter over havet, kan du «øve» deg på høgdeopplevingar ved Flydalsjuvet.
Du køyrer gjennom kulturlandskapet og opp mot ville høgfjellet, forbi jettegryter og myldehus. På Djupvasshytta Hotel kan du kanskje unne deg ei kvild, nyte freden over Djupvatnet og utsynet til Blåfjellsbreen. Så er det klart for den siste vegbiten opp mot største attraksjonen, Dalsnibba, himmelen og taket over Geiranger. Gled deg til spektakulære Geiranger Skywalk!
Du har tre timar til disposisjon for denne fantastiske turen. Dersom du køyrer smart og økonomisk, slik at du har både tid og batterikraft til overs, rekk du kanskje å ta turen opp Ørnevegen før du leverer bilen tilbake. Vi lærer deg korleis du skal vere ein smart og ansvarleg sjåfør før du legg ut på tur.
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Opplev Geiranger Skywalk Dalsnibba med emob