Opplev Runde med workation på Runde Miljøsenter












Ta med deg pc og tursko, og la omgjevnadene inspirere deg! Hjå Opplev Runde på Runde Miljøsenter bur du i fullt utstyrte, moderne leiligheter med utsikt til det ville og vakre storhavet.
Heilt ute ved kysten på Søre Sunnmøre finn du Runde. Øya har Noregs sørlegaste fuglefjell, der tusenvis av sjøfugl hekkar i sommarsesongen. Øya er rik på både vakker natur og historie, her finn du blant anna Rundeskatten frå forliset av handelsskuta Akerendam, som forliste utanfor Runde i 1725.
Jobb og bu godt på RundeOpplev Runde tilbyr 8 flotte leilegheiter til leige på Runde Miljøsenter, samt møterom/auditorium som kan nyttast til små og store samlingar. Leilegheitene er moderne og miljøvennlege med fullt utstyrte kjøken og spisebord med god plass, og har romsleg bad med dusj.
I alle leilegheitene er det eit enkeltrom og eit dobbeltrom, pluss sofa som kan gjerast om til dobbeltseng på stova. Leilegheitene er utstyrte med TV og trådlaust internett, og ein kan få tilgang til felles printer. Sengklede og vask er inkludert i prisen. Matkasser med gode råvarer kan bestillast på førehand, med alt ein treng for å lage gode måltid under opphaldet. I tillegg er både Skotholmen og Fosnavåg innanfor rekkevidde dersom ein ynskjer seg eit restaurantbesøk.
Ro i sjelaHer finn du ro i sjela, enten du vil nyte frå godstolen, fjellet, eller i fjøra. Om sommaren kan ein studere fuglelivet frå stoveglaset, om vinteren kan ein la seg fascinere av bårene som bryt mot skjera rett nedanfor, eller sjå steinkobbene leike utanfor fjøra når ein ruslar forbi.
Senteret ligg fint til i terrenget, har god utsikt mot sjøen, og er ein fin base for turar til sjøs og til lands. Det er moglegheit for å låne båtplass nede i Runde Hamn, som ligg rett nedanfor. Det er gode, oppmerka stiar over øya, og flotte turar både til Trollvogga, Runde Fyr og fuglefjellet. Her kan ein også delta på turar i fjell og fjøre med egen naturguide.
Inkludert i workationtilbudetLeilegheit med 2 soverom, bad, stue/kjøkkenløysning med spisestue. Fullt utstyrt kjøkken
Internett og TV
Handdukar og sengetøy
Vask (ikkje dagleg, men avhengig av kor lenge dei bur)
Gratis parkering, moglegheit for å lade elbil
Tilgang på printer, og moglegheit for å tilgang til møterom etter avtale
- Hele året
- Gjesteparkering
- Gratis WiFi
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Opplev Runde med workation på Runde Miljøsenter