VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland SOLUND

Opplev Solund frå sjøen

  • Hardbakke, Solund
  • +47 91189822
  •  /  km From You
Overview

Kom deg heilt nedpå og opplev det fantastiske øyriket Solund. Bli med på kajakktur med dyktige guidar fra Norsk Kystkulturakademi, eller øyhopping med den lokale passasjerbåten/postbåten.

Solund er med sine 1700 øyar, holmar og skjær eit eldorado for både øyhopping og padling. Kvifor ikkje ta med vennegjengen på ein guida padletur for å oppleve dette flotte kystlandskapet på nært hald? Guidane vil lose deg trygt gjennom ein uforgløymeleg tur der du får lære meir om både lokalhistorie, geologi og dyreliv. Øyhopping med den lokale postbåten som går mellom Hardbakke og Gåsvær er ein svært populær aktivitet der du kjem tett på dagleglivet. Båten går innom mange særeigne stader med post og passasjerar. Solund kan også by på fleire flotte fjellturar med panoramutsikt som tek pusten frå deg! På Solund Leilegheitshotell bur du godt i romslege rom med sjølvhushald, og Skafferiet Mat & Drikke, som er hotellet sin restaurant, byr på gode matopplevingar.

FOR BOOKING
Epost: post@solund.com
Tlf: 91189822 

HØGDEPUNKT
- Senk skuldrane og slapp av på Solund Leilighetshotell
- Nyt god mat basert på lokale råvarer på Skafferiet Mat og Drikke 
- Opplev Solund frå vannflata i kajakk med dyktige guidar frå Norsk Kystkulturakademi 
- Bli med på øyhopping med den lokale passasjer-/postbåten. 

PRISAR 
Overnatting
Bu på Solund Leilighetshotell. Her kan du senke skuldrane og ta pause frå ein hektisk kvardag. Nyt god mat på den lokale restauranten Skafferiet Mat og Drikke, og vandre i vakkert kystlandskap.
Pris: frå 600,- per person i leilighet for 2 personer 
FÅ 50% AVSLAG PÅ NATT NUMMER TO.

Guida kajakktur 
3-timers guida kajakktur
Solund må opplevast frå sjøen! Dra inn den salte sjølufta og la guidane lose deg gjennom dei gamle ferdelsårene på vatnet, medan du får høyre om kystkultur, geologi, lokalt dyreliv, og kanskje ein røvarhistorie? Det vert nytta doble stødige havkajakkar til dei guida turane som passar for alle, erfarne eller ei.  
Tid: 3 timer 
Pris: 800,- per person

5-timers guida kajakktur
Opplev nokon av Solund sine 1700 øyar, holmar og skjær i eit fantastisk naturlandskap. Det vil bli lunsj på ein av øyane der din lokale guide vil førebu eit varmt måltid ute - laga med lokale matvarer. Under padleturen vil du lære om det lokale dyrelivet, geologien og historien. Kanskje du til og med vil få eit nært møte med ørna? 
Tid: 5 timer 
Pris: 1150,- per person

Villsausafari
Bli med Norsk Kystkulturakademi på tur i kystlyngheia! Her kan du vere med å kalle på sauene, mate dei, kose og lære om korleis den gammalnorske sauen lev og skjøtter landskapet. 
Tid: 1,5 time 
Pris: 250,- per person

Øyhopping
Bli med den lokale postbåten på øyhopping Hardbakke - Gåsvær - Hardbakke. Opplev fiskeværet Gåsvær og sjå naturkreftene på nært hald. 
Tid: 3 timer 
Pris: 400,- per person

FOR BOOKING
Epost: post@solund.com
Tlf: 91189822 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages