Skei I Jølster

Opplev Vestavin: Omvising og vinsmaking på Vingarden på Jølst

Bestill
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 47288004

  • Jølstravegen 2380

    Sunnfjord, Vestland

    Vis i kart

Smak moderne fruktvinar frå Vestavin og opplev ein fruktvingard under oppbygging på Vingarden på Jølst med gründer Camilla Aasen.

Med inspirasjon frå vestnorske fruktvins- og sidertradisjonar skapar Vestavin moderne fruktvinar som løftar fram dei unike kvalitetane og smakane som finst her på nye måtar.

Hovudsete for Vestavin er Vingarden på Jølst på Årdalsbakke i Jølster. Fram til 2021 var dette nok eit nedlagt, bratt vestlandsbruk. No er garden med sine bratte bakkar under oppbygging som Vingarden på Jølst. Her dyrkar Vestavin råvarer som rips, solbær, rabarbra, og kirsebær til eigen produksjon, og skapar desse om til unike drikkevarer med og utan alkohol. Fruktvinane Vestavin produserer viser fram Vestlandet i eit glas, med alt sitt særpreg.

Fast omvising og smaking på Vingarden på Jølst

Etter sesongopning 01. juli 2024, held Vingarden ope onsdag, torsdag, fredag og laurdag fram til 18. august. Desse dagane er det mogleg være med på omvisning med vinsmaking kl 15. I gardsutsalet kan ein handle med seg både eigenproduserte drikkevarer med og utan alkohol og andre lokale varer

Enkeltarrangement og ope for gruppebestillingar utanom faste opningstider. Gjennom heile året er gardsutsalet ope kvar torsdag kl. 16-18.

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord