Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Ornes - Nystølen - Kinsedal

Kinsedal

Turen startar ved stavkyrkja på Ornes. Til venstre for muren rundt kyrkja går det ein gamal kjerreveg i god stand som fører fram til garden Urneskroken som no er fråflytta.

Denne garden var i full drift fram til omlag 1970. Før du byrjar på "nedstigninga" til Urneskroken (ca. 300 m før du kjem ned til garden) går det ein godt synleg sti til høgre mot Nystølen.

Stien passerer Kvannegjelet, går opp Galdane der stien går i sju krappe svingar opp til Rognelid. Her er det flott utsikt til Solvorn og Mollandsmarka. Du passerer ei grind som er grense mellom fjellbeite og heimebeite. Stien går vidare slakt oppover, og du får fin utsikt over Kroken og Høyheimsvik. Stien går forbi "Durao" (du høyrer, men ser ikkje elva) og går til Geithaug. Herifrå er det flott utsikt over Luster, Høyheimsvik og Gaupne. Når du kjem opp av skogen er det noko dårleg merka sti, men det ligg ei hytte til høgre for stien og ei tjørn på venstre side. Når du passerer tjørna kan du og sjå sela på Nystølen som ligg omlag 900 m.o.h.

Frå Nystølen går stien i ned mot Kinsedal. Stien går i ope lett terreng, som etter kvart går over i lauvskog nedover mot stølen Kveken. Dette er ein gamal vårstøl tilhøyrande Ornes. På andre sida av dalen ligg Dalastølen, tilhøyrande Kinsedal, noko høgare enn Kveken.

Normal gangtid frå Ornes til Nystølen er omlag 2,5t. Terrenget er bratt. Frå Nystølen til Kveken er det omlag 30-40min. gangtid. Dette er lett turterreng.

Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Ornes - Nystølen - Kinsedal

Sider du nylig har besøkt