Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bjordal

Osland Havbruk AS

  • +47 57710102
  •  /  km From You
Overview

Bedrifta vart stifta i 1963 under namnet Osland Ørretoppdrett (seinare Eros Laks) av oppdrettspioneren Erling Osland.

I 1998 skifta vi namn til dagens Osland Havbruk AS. Vi har gjennom åra opplevd både gode og dårlege tider. Gjennom dette har vi jobba med å reindyrke satsinga og stadig forbetre oss på teknologi og fiskehelse.


I 2012 kjøpte vi settefiskanlegget på Sørebø frå Marine Harvest. Slik fekk vi og kontroll på smolttilgongen.


Bedrifta er i dag eigd av Erik Osland, barnebarnet til gründeren. Osland Havbruk er slik det einaste oppdrettselskapet som er 100% eigd av tredje generasjons oppdrettar.


Osland Havbruk driv eit kontinuerlig arbeid for å oppnå ein miljømessig berekraftig produksjon av laks og aure. Vi arbeidar kvar dag for å produsere trygg og god sjømat for å gi deg ”ein smak av Sognefjorden”.

Settefiskanlegget vårt jobbar med mål om å produsere stor og god smolt på land. Slik kortar vi ned produksjonstida i sjø. Kort produksjonstid i sjø reduserer faren for sjukdom, rømming og lakselussmitte. Resultatet er lite handtering av fisken noko som fører til lite stress og god fiskevelferd.

Osland Havbruk produserar laks og aure til meget kresne kjøparar i Japan, USA og Europa. Osland Havbruk AS produserar settefisk og har eigen konsesjon for produksjon av kveite.


Osland Havbruk AS er også en av initiativtakerne til Salmo Breed AS.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Høyanger, Norway
The latitude and longitude
61° 4' 20" N / 5° 49' 38" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad