Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Etne

Osnes rundt - Etne

  • +47 53758000
  •  /  km From You
Overview

Stad: Etne


Turkart: 1:50 000 Etne.


Start og sluttpunkt: Turen startar ved Sæbøtunet bygdemuseum.


Parkering: Ta av frå E39 vest for Leirvik sentrum på veg skilta til Litlabø. Etter ca. 4.5km  ta til høgre og skilting til Gruvemuseet.


Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka med T.


Gradering: Grønn tur, lett


Høgdeskilnad: 9 - 43 m.o.h


Tidsbruk: 5,4 km - 1t


Turskildring
Ta til høgre ut på Osnesvegen rett ovanfor tunet. Etter 500 m kjem ein til Bekkjavika, ein god plass for fugleliv, særskilt på fjære sjø. Ved Røynesnes opnar Etnefjorden seg. Om lag 800 m derifrå lkigg badeplassen Honsvikjo, her er også toalett. området er del av eigedomen til olav Vik-stiftelsen. Herifrå går der sti opp mot bygdeborgen Borgaråsen, siste delen er særs bratt. Halvvegs oppe ligg Gåstein, som er tilrettelagt for klatring (på eiget ansvar).

Hovuddelen av friluftsområdet til Olav Vik-stiftelsen ligg om lag 1 km lenger framme på Osnesvegen. Ein kan gå ned i skogstien ved Beinstøvik og ta den ekstra sløyfa langs fjorden, her er mange fine nes og rasteplassar. Ved P-plassen er der toalett og infoskilt. Litt ovanfor avkjørsla til Olav Vik kjem eib ril gardstuna på Osnes, her er vakkert kulturlandskap med utsyn over Vågen. Etter å ha passert byggefelta på Osnes kjem ein snart over ein liten topp og ser E 134 på andre sida av dalen. Ta til venstre rett før E134. Siste delen av turen går nordover mot Etne på gang/-sykkelvegen langs hovedvegen.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Etne, Norway
The latitude and longitude
59° 39' 22" N / 5° 54' 28" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad