Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Osterøy

Osterøy Museum - Museumssenteret i Hordaland

Osteroy museum_ny
Osteroy mseum2_ny
OstMuseum3
OstMuseum2
OstMuseum1

På Osterøy museum vert det fortalt om levemåten i bygdene nord for Bergen, og knytt bygningar og gjenstandar saman med kunnskapen om handverkverksteknikkar, tradisjonsmat og praktisk arbeid.

Museet har spesiell kunnskap om tekstil- og drakthistorie og oppstadvev. Det er eit samlingspunkt for dei med interesse for lokalhistorie, eller tekstil og oppstadvev. Tradisjonen kring veven vert halden i live og fornya gjennom aktivt samarbeid med forskarar, kunstnarar og designarar.

Osterøy museum vart skipa i 1920, og vart lenge drive av frivillige krefter i lokalmiljøet. Museet har enno ei sterk lokal forankring, og samarbeider tett med lokale lag og organisasjonar og eit aktivt venelag.

Kultursti –2000 år på 60 min

Merka tursti der du kan fylgje dei same stiane som folk gjekk på for 2000 år sidan! I landskapet kring Gjerstad finn vi mange spor etter ferdsleårer og gravminne frå førhistorisk tid. Stien startar ved Gjerstad kyrkje og går gjennom kulturlandskapet med utsyn over Gjerstad og bygdene kring.

Museet tilbyr:
-kaffi og heimebakst
-omvising til faste tider i sommarsesongen
-sommarutstillingar
-foredrag
-kurs
-sommaraktiviteter for barn
-ulike kulturprogram gjennom året

Kilde: Visit Bergen

Osterøy Museum - Museumssenteret i Hordaland

Sider du nylig har besøkt