Osternes festning – tur i historiske omgjevnader

Bli med på ei vandring i både natur og historie! Osternes festning ligg vakkert til ved Selbjørnsfjorden i Fitjar og tek deg med tilbake til andre verdskrigen. Her ventar gamle kanonstillingar, bunkerar og utsikt over øyriket i vest – ein tur som passar for både store og små.
Osternes festning er eit mektig kulturminne frå andre verdskrigen, og ligg vakkert til ved Selbjørnsfjorden i Fitjar. Her kan du gå i fotspora til soldatar frå 1940-talet og utforska gamle kanonstillingar, bunkerar og kommandopostar – alt med utsyn mot havet og øyriket i vest. Ein tur til festningsområdet gir både frisk luft, utsikt og eit sterkt møte med historia.
TurbeskrivingTuren startar frå parkeringsplassen på Tveit. Følg Osternesvegen nordover til du kjem til garden Stokken. Her tek du av til høgre og følgjer vegen ned til Grønevik – ei lita bukt der tyskarane hadde kai under krigen. Etter besøket i Grønevik går du om lag 300 meter tilbake og tek til høgre igjen opp mot kommandosentralen. Dette er eit flott punkt for ein pause – med utsyn, historie og gode sitjeplassar.
Turen vidare tek deg forbi grunnmuren til den gamle kommandantbustaden, før du kjem til den sørlegaste kanonstillinga. Herifrå kan du sjå langt utover Selbjørnsfjorden. Når du har utforska området, følgjer du same veg tilbake til parkeringsplassen.
Praktisk informasjonLengd på turen: Om lag 3,5 km tur-retur.
Terreng: Lettgått – blanding av grusveg og sti. Passar for dei fleste.
Turtid: Cirka 1–1,5 time.
Parkering: Parkeringsplass på Tveit – Betaling med Vipps.
Ver merksam på: Ta omsyn til natur og kulturminne – ikkje gå inn i eller øydelegg bunkeranlegg.
Beitedyr: Lukk grindene etter deg. Det er ikkje anbefalt å ha med hund på denne turen pga beitande dyr.
Er det toalett ved Osternes festning?Nei, det er ikkje toalettfasilitetar i området, så planlegg turen deretter.
Universell utformingStien og vegen til festninga er delvis gruslagt, men ikkje universelt utforma heile vegen.
- Familievennlig
Kilde: Region Sunnhordland
Osternes festning – tur i historiske omgjevnader