Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Otterstadstølen

  • Otterstadstølen, Modalen
  • +47 56599000
  •  /  km From You
Overview

Ein favorittur for både små og store føter i vakkert stølslandskap.

Frå Bergen: Startpunktet for turen til Otterstadstølen ligg 82 km nord-austover frå Bergen. Køyr E39 nordover til Romarheim, der tek du til høgre inn på FV 569 mot Mo i Modalen. Køyr 14 km på 569, og parker i ei veglomme på venstre hand like før startpunktet. Turen frå Bergen tek normalt i underkant av 1,5 time.


Start- og sluttpunkt:  Grønhaug–Otterstadstølen. Rundtur.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Pilskilt og blå merking undervegs.

Gradering: Blå.

Høgdeskilnad: 5–230 m.

Berekna tidsbruk: 1,5 time t/r.

Gode råd: Vel gode sko som tåler litt vatn, sidan stien går over myrete område nokre stader.


Otterstadstølen er vårstølen til gardane på Grønhaug og Otterstad. Stølen vart sett opp på midten av 1800-talet og var i drift fram til 1962. I alt er det åtte sel og uthus på stølen, nokre av dei i to høgder, noko som ikkje er så vanleg på ein vestlandsstøl.

Stien går bratt opp frå Grønhaug og deler seg etter ca. 500 meter. Ein kan velje å følgje anten buførevegen som har ein slakare profil, eller følgje stølsvegen langs elva oppover lia. Båe er godt merka med blått. Turen er ikkje så krevjande og passer for born frå 4–5 år. Etter 45 min. kan ein sjå stølshusa der dei ligg vakkert til på ei grasslette omkransa av granskog og med høgfjellet i bakgrunnen.

Sjølve stølen inngår i kulturminnevernsplanen til kommunen, og området rundt er eit naturreservat med gammal granskog. Skogen er Noregs vestlegaste naturlege granskog, og nokre av trea er svært gamle.
Otterstadstølen er eit unikt stølsmiljø, og dei fleste av husa er halde godt vedlike. Det er òg høve til å leige eit av sela på stølen.

www.visitbergen.com/visitmodalen


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Modalen, Norway
The latitude and longitude
60° 48' 38" N / 5° 46' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad