Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Jotunheimen Lom

Overnatting på Glitterheim turisthytte

  • Veodalsvegen, Lom
  • +47 61231833
  •  /  km From You
Overview
Details

Glitterheim turisthytte ligg ved foten av Glittertind, omkransa av ei rekkje 2000 - meterstoppar. Visste du forresten at Glittertindplatået er Noregs og nordens høgaste (over havet) liggande villmark? Familien Vole ventar deg med 140 senger og måltider basert på tradisjonsrik fjellkost.

DNT-hytta Glitterheim ligg ved foten av Glittertind, omkransa av ei rekkje 2000 - meterstoppar. Visste du forresten at Glittertindplatået er Noregs og nordens høgaste (over havet) liggande villmark?  Familien Vole ventar deg med 140 senger og måltider basert på tradisjonsrik fjellkost.

Glitterheim har 137 senger. Desse er fordelt på 2-sengsrom og, 4-sengsrom, større rom og sovesal.

I alle senger er det dyner og puter med varetrekk. Ver vennleg å bruk eigen lakenpose. Det er òg mogleg å legge til side dyna og bruke eigen sovepose. Lakenpose eller sengetøy kan laigast i resepsjonen.

Hytta har varmt og kaldt vatn i hovudhuset og aggregatstrøm (220 v). Det kan likevel vere greit å ha ei lommelykt i sekken da aggregatet slås av ca. kl. 23.00 kvar kveld. I sovehuset finnes toalett, dusj og tørkerom.

Frå Glitterheim er det natursti for barn og vaksne. På naturstien får du vete meir om planter, dyreliv, tradisjonar og tidlegare busetting i området. Sjøl om Glitterheim ligg både høgt og alpint til, er området rundt hytta grønt og frodig. Her finn du blåbærlyng, tyttebærlyng, og i sørveggen på hytta trives rabarbraen.

Sesong: medio mars - medio april og medio juni - medio september

Vi har sykkelutleige ved nasjonalparkgrensa - Glitterheim. Kr 75,- pr sykkel pr veg.
Frå nasjonalparkgrensa til Glitterheim er det 7 km. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guidede turer
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad