På Sykkel i Florø





I Florø kan du starte ein rundtur på sykkel frå sentrum og du får sett det meste i løpet av eit par timar.
Sykkeltur Florø Sentrum - Storevatnet - Kystmuseet - Sørstrand - Storeåsen - Florø Sentrum
Start frå Turistinformasjonen som ligg midt i sentrum. Om du ikkje har med eigen sykkel, kan du låne sykkel på BUA som ligg like ved Turistinformasjonen. Start med å sykle austover i Strandgata og ta til høgre i krysset Strandgata/Torggata. I neste kvartal må du krysse Markegata og du syklar så vidare opp bakken til Storevatnet. Ved starten på Storevatnet kan du sykle ned på stien som går langs vatnet. Hald til venstre og sykle austover langs vatnet heilt til enden. Når du kjem til enden av vatnet syklar du opp ein liten bakke til ein parkeringsplass, fortsett litt til før du tek til høgre opp over Kleiva på bilveg. Her er det rimeleg bratt og kanskje må du gå av sykkelen. På toppen går det nedover igjen og du kjem no til Båtevika. Hald til høgre og du vil få sjøen og eit naust på høgrehanda. No er du over på gang- og sykkelsti og det er grussti og bruer på vegen til Kystmuseet. Rett før du kjem til Kystmuseet kjem du til Brendøya der det sommartid går geiter på beite. Gjeitene er selskapssjuke og det er spesielt populært å ta med seg borna dit.
På Kystmuseet er det fint med ein stopp der du kan sjå mellom anna gamle båtar. Sjå meir om Kystmuseet her
Vidare frå Kystmuseet syklar du Brendøyvegen vestover til Vågavegen der du tek til venstre ned Sørstrandvegen. Der syklar du forbi ein barnehage og vidare eit par hundre meter før du er inne i turområdet til Sørstrand. Det er ein kilometer ned til sjøen på grusvei. Det er laga fleire stiar i området så her kan du lage deg ein rundtur. På Sørstrand er på sommaren ope kiosk og sanitæranlegg. Dette er ein fin plass å ta med seg lunsjen.
Når du har fått kvilt deg litt syklar du tilbake Sørstrandvegen og Vågavegen til du kjem opp på hovudvegen, Kinnvegen. Ta til høgre og så til venstre i første kryss. No kjem du til Soldalen Besøksgard der det går hest, alpakka, geiter og mykje anna. Her har du val:
1. Du kan sykle opp til masta på Storeåsen. Då tek du til høgre rett før du kjem til garden. Det er bratt stigning med asfalt før det slakkar ut og går over til grusveg. Her er det kupert grusveg over åsen før du startar nedover igjen. Når du kjem ned til ein bunkers kan du ta ein avstikker til venstre opp på utsikten der du ser ut over Florø-skjergarden. Fortsett syklinga ned ein litt bratt bakke der du får stadion rett i front. Ta til høgre når du kjem ned i krysset og sykle nokre hundre meter til Lisjevatnet. Sykle langs vatnet som ligg idyllisk til berre eit steinkast frå sentrum. Når du kjem til omsorgssenteret tek du til venstre og syklar tilbake til sentrum.
2. Eller du kan sykle forbi garden og inn i Røvarhillaren. Her er det brei grussti heile vegen i eit lett og idyllisk terreng. Du kjem til slutt ut på Havrenesvegen og tek då til høgre og syklar tilbake til sentrum.
Ta kontakt med Turistinformasjonen for meir informasjon om sykling i Florø.
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord
På Sykkel i Florø