Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Florø

På Sykkel i Flora

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

Flora og omegn har fleire fine vegar som egnar seg ypperleg til sykkelturar.

FLORØ RUNDT: Opplev den idylliske byen Florø frå sykkelsetet. Terrenget er flatt og fint og på få timar kan du oppleve bysentrum med koselege kafear og butikkar, dei fine byvatna "Storevatnet" og "Lillevatnet" og Kystmuseet som ligg vakkert til ved sjøkanten og geitene som beitar like ved. I tillegg kan du hoppe av sykkelen og ta ein avstikkar til utsiktspunktet berre få minuttar frå sentrum, med panoramautsikt ut mot havet og fjella.

UTFORSK ØYANE MED SYKKEL: På dei ulike øyane (m.a. Svanøy, Askrova, Reksta og Hovden) er det få bilar, noko som gjer dei til eit eldorado for syklistar. Her kan ein nyte ein stille og avslappande dag i naturskjønne omgjevnader.

GAMLEVEGEN OVER RAMSDALSHEIA: I 1995 kom det ein ny tunnel mellom Florø og Naustdal, og den gamle vegen over Ramsdalsheia opnar seg for sykkelturisme. Vegen er smal og svingete, med jamn stigning, akkurat som ein vestlandsveg skal vere. Og på toppen har ein ei utsikt som er vel verd både slit og sveitte. Vi anbefalar turar over frå Naustdal over Ramsdalsheia, og vidare til Eikefjord og Stavang. Turistinformasjonen i Florø har laga ei brosjyre med anbefalte sykkelturar i Flora kommune og omegn. Brosjyra gjev ei nøye skildring av vegar, aktivitetar, m.m.

Ta kontakt med Flora Turistinformasjon for meir informasjon.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 35' 58" N / 5° 2' 4" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad