Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Padlebrett (SUP)- utleige

  • Evangervegen 14, Voss
  • +47 97087318
  •  /  km From You
Overview

Hjå Outdoor Norway kan du leige padlebrett for stand-up-padling til å utforska Vangsvatnet på. 

Stand-up-padling (SUP) er ein sport på veg oppover, det er enkelt å læra og moro for folk i alle aldrar. Ikkje minst er det også ein fin måte å utforska nærområdet frå vatnet på.


Ved leige av padlebrett gjev Outdoor Norway instruksjonar til dei som ikkje har prøvd det før, og alt av utstyr du treng er inkludert:


-          Padlebrett og åre


-          Flytevest


-          Padlejakke ved behov


-          Våtdrakt ved behov


Du må sjølv ta med:


-          Badetøy


-          Ull eller teknisk undertøy dersom det er kaldt


-          Fottøy som kan bli vått (du kan óg padle barfot)


-          Kleskift


Krav for å få leige:


-          Min. 5 år ved padling med vaksen


-          Min. 12 år for padling aleine


-          Må kunne svømme


-          Maks. vekt 120 kg


-          Informer om medisinske tilstandar som astma, epilepsi osb.


SUP-brett kan leigast i all slags vêr, med unntak av ved sterk vind. Familiar med 2 vaksne og 2 eller fleire born får 10% rabatt på leige av SUP-brett.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 37' 41" N / 6° 24' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad