Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Padlekurs med Kayak Voss

  • Bømoen, Voss
  • +47 90150859
  •  /  km From You
Overview
Details

Kayak Voss er den leiande elvekajakkskulen i Noreg og tilbyr padlekurs, guiding, utleige og tandemturar. Våre mest populære turar er to dagars grunnkurs, introkurs og heildagstur i tandemkajakk.

Kayak Voss er den leiande elvekajakkskulen i Noreg og tilbyr padlekurs, guiding, utleige og tandemturar. Våre mest populære turar er to dagars grunnkurs, introkurs og heildagstur i tandemkajakk.

To dagars grunnkurs varer i totalt 16 timar og lærer deg det du treng av teknikk og sikkerhet for å verte ein sjølvstendig elvepadlar. Prisen inkluderer alt utstyr, bilete og grilla lunch. Kurset kvalifiserer til Noregs Padleforbund sitt «våttkort» (nivå 2).

Introkurs er ein perfekt intro til elvepadling. Etter 4 timar har du fått oppleve padling i roleg vatn og enkle stryk. Og kanskje eit litt større stryk, dersom du er klar for eit lite kick. Prisen inkluderer alt av utstyr, og kurset kvalifiserer til Noregs Padleforbund sitt «våttkort» (nivå 1).


Gjennomføring


Møt opp på «Kajakkbua» i Bømoen, eller avtal henting med Kayak Voss. Turane varer frå 4 – 8 timer per dag, og avsluttast ved «Kajakkbua» eller med avlevering der du bur. Alle turar inkluderer utstyr og klede som trengs for å padle elv, men me ber deg ta med eige ullundertøy og joggesko. Heildagsopplegga inkluderer grilling med fantastiske produkt frå Vossakjøt, og alle turar kan fotograferast utan ekstra kostnader.


Krav


Du må kunne symje og vere upåverka av rusmiddel. Personar under 18 treng underskrift frå føresette.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guiding
  • Kajakkpadling
Kano og kajakk
  • Kajakkpadling

Facts

Duration
1-4 hours
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 38' 7" N / 6° 30' 41" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad