Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Geiranger

Geiranger Panorama Exclusive buss 3 timer – 3 stopp

Book

Bli med på ein av Noregs vakraste og mest spektakulære bussturar og få med deg kjende utsiktspunkt i Geiranger, som Flydalsjuvet, Dalsnibba og Ørnesvingen.

Denne turen er som eit Kinderegg kor du får oppleve dei tre vakraste og mest kjende utsiktspunkta i verdsarvområdet innanfor tre timar.

Frå Geiranger følger bussen dei bratte hårnålssvingane oppover til Flydalsjuvet utsiktspunkt, som er første foto-stopp på turen. Deretter fortset den opp fjella til toppen av Dalsnibba. Det nye platået på Dalsnibba blei offisielt opna i august 2016 og fekk namnet Geiranger Skywalk. Her kan du sjå rett ned til sentrum, Geirangerfjorden, fjella og Blåbreen. Med eit fritt fall på omkring 500 meter får du kjensla av å sveve – sjølv om du naturlegvis står heilt trygt.

Frå Dalsnibba går ferda tilbake til Geiranger og det siste fotostoppet Ørnesvingen. Her har du ei fantastisk utsikt til fjorden, fjellgardar og dei majestetiske fossane «Dei sju systrene». Med på turen får du ein audioguide på heile seks språk, slik at fleire nasjonalitetar kan følgje med på historiene langs vegen.

Last updated: 11/23/2023

Source: Ålesund & Sunnmøre

Geiranger Panorama Exclusive buss 3 timer – 3 stopp

Book

Sider du nylig har besøkt