Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Stranda

DNT Patchellhytta

Patchellhytta ligg like ved fjellfoten til Sunnmørsalpenes kanskje finaste topp, Slogen (1564 moh), vest i Habostaddalen mellom Øye og Stranda.

Patchellhytta er eit populært dagsturmål i seg sjølv, men også ein perfekt raste- og overnattingsstad før ein topptur til Slogen, Brekketindane og Smørskredtind (1639 moh) som ruvar rett over hytta.

Patchellhytta vart påbygd i 2011. Hytta er sjølvbetent. Den gamle Patchellhytta er ei fullrestaurert steinbu med 5 køyer. Det var noregsvenen Charles Watson Patchell som fekk satt opp bua på 1920-talet. Patchell ferierte på Øye kvar sommar i ei årrekke, og klatra dei fleste av tindane i området. I 1964 vart den nye Patchellhytta bygd. Etter nokre år med manglende vedlikehald vart steinbua fullstendig restaurert på slutten av syttitallet, og siden har den vorte halde godt i hevd.

Tilkome

Frå Stranda følgjer du riksveien mot Hellesylt. Etter ca. 4 km tek du av mot vest til Engeset, og køyrer så på bomveg videre opp Habostaddalen til Liasætra. Herifrå sti til hytta, drøyt 2,5 timar.

Alternativt kan du følgje sti frå Øye (Skylstad) ved Hjørundfjorden, som går bratt opp Skylstadbrekka til Habostaddalen, rekn ca 3 timar opp. Eller du kan følgje sti frå Brunstad i Velledalen gjennom Brunstadskaret, ca 4 timar og fra Urke opp Langseterdalen.

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

DNT Patchellhytta

Sider du nylig har besøkt