Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
FISKÅ

Perler i Vanylven

  • +47 70030000
  •  /  km From You
Overview
Details

Når du er i Vanylven er du omgjeven av utrulege historier og hendinger på alle kantar. Her er nokre av dei i korte utdrag:

St. Jetmundsteinen
Soga fortel at her la engelske kong Edmund (Jetmund) seg ned for å sove, og fekk ei god natts søvn. Staden han sov vert kalla Jetmundleitet. Då han vakna skal han, sitjande på steinen, ha peika ut kvar kyrkja skulle plasserast. Kyrkja vart kalla St. Jetmund kyrkje, og steinen han satt på kallas St. Jetmundsteinen. Den ligg der enno, eit par hundre meter frå Kvilehytta. Kom hit og sett deg på steinen med historisk sus!

Tingstova på Tunheim
Snaue 70 meter frå Lundgarden ligg ytre Tunheim, der heksene på 1600-talet fekk sin dom. Straffa for hekseri var å verte brent på bålet, anten på Rovdeskjæret på Rovde, eller på Torvholmen på Åheim. Dei tre siste heksene som vart brent i Noreg, fekk dommen sin her så seint som i 1680.

Solsikka
I 2004 vann ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, ein konkurranse mellom alle ordførarane i landet. Konkurransen var utlyst av Nærings- og Handelsdepartementet saman med Innovasjon Noreg, og premien var ein million kroner til næringsfond. Dette starta omstillingsprosessen i kommunen, og sidan då har Solsikka vore eit monument for Vanylven.

Utsikt mot Breiteigsfjella frå Eidså
Ta deg ei pause her og nyt utsikta mot dei majestetiske Breiteigsfjella, dei vestlegaste alpane i Noreg!

Kostarikjet
Syvde blir endå kalla Kosterikjet på folkemunne, og syvdingane kallar seg med stoltheit "kostar". Uttrykket stammar frå 1800-talet, då folk frå bygda laga kostar ("solvar") av bjørkeris, som dei selde til folk på øyane. I Syvde voks det frodig bjørkeskog, medan øyane var nærmast skogfrie. Difor vart "solvane" ei attraktiv handelsvare. Den var anvendeleg til all muleg reingjering i både hus og fjøs. Ei tid vart det også produsert kostar av hestetalg og avklipp frå hestehalar i Syvde.

Rovdeskjæret
Skjæret, som i forma kan minne om ein ubåt, var åstad for brenning av heksene som hadde fått dommen sin i tingstova på Tunheim.


  • Last Updated:
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Middels
Landskap
  • Kystområde
  • Fjellområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Vanylven, Norway
The latitude and longitude
62° 6' 2" N / 5° 33' 52" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad