Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Norddal

Petrines Gjestgiveri

  • Rellingsvegen 44, Norddal
  • +47 92234820
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Vegg-i-vegg med verdsarvområdet og midt mellom Geiranger og Trollstigen ligg Petrines Gjestgiveri og inviterer deg til gode dagar i Norddal. Du og dine får lokale smakar frå kjøkkenet, lokale kulturopplevingar og turterreng for alle rett utafor døra. Du finn oss fem minuttar med bil frå den travle turiststraumen, fire kilometer frå fergekaia i Eidsdal.

Vi har både hotellrom i ulike storleikar og romslege familieleilegheiter. Sjølvsagt får du eige bad! Vi har peisestue med bibliotekhjørne for dei vaksne og spelutval for dei yngre.  


Etter å ha sett alle dei flotte attraksjonane i området, kan du slappe av med eit glas på balkongen og nyte utsikta over Norddalsfjorden. Eller kanskje heller ein god kopp kakao i peisestua viss regnet høljar ned? Du kan gå ein liten rusletur rundt bygda, eller spørje oss om nøkkelen til Dale kyrkje og få ei stille stund for deg sjølv der. Vi har to badeplasser langs fjorden, ved ein av dei kan du ta med din eigen grillmat og lage til kvelds på det faste grillen. Eller vi ordnar noko du kan ta med.


Om du ikkje treng å slappe av, kan du leige kajakk og oppleve det fascinerande landskapet frå fjorden. Frå sommaren 2015 har vi både vanlege syklar og el-syklar til leige, då er Herdalsetra og mektige fjell som Heregga berre nokre tråkk unna. Vi gir deg tips om dei mest krevjande fjellturane i området, eller dei familievenlege. Vi har kart, og lagar piknik-korg viss du vil. 15 minutt med bil oppover i fjellheimen ligg Herdalsetra, kjend frå fleire tv-program. Herdalen er inngangsport til verdsarvområdet, og eit obligatorisk besøk. Her kan du og gå over til Geiranger over Hólegga, som er ein god dagsmarsj unna. Her kan du ha glede av guide om du skal over.


I høgsesongen serverer vi lunsj kl 13-17 og middag kl 18-21. Vi har ein fast tre rettars meny sett saman av gode, som oftast lokale smakar på råvarer vi hentar hos flotte produsentar i bygda og omegn. Du kan og velje frå lunsjmenyen til middag, om du heller vil det. Du må ikkje tinge bord for å kome innom for eit måltid, men det kan vere lurt om du vil vere sikker på å ha bord til middag. Vi legg vår ære i heimelaga mat laga frå grunnen av, men vi ikkje prøver å vere ein fancy restaurant med høge anretningar. Her får du ærleg mat med god smak og heimebaka brød som er bakt same dag.

Hjå oss finn du unge, venlege tilsette som gjer det dei kan for at du skal ha gode dagar hos oss. 


Velkomen heim til oss!


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS

Generelt

Tilgjengelighet
  • Førerhunder er velkomne
Landskap
  • Fjordområde
  • Fjellområde

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Grill
  • Frokost kan kjøpes
  • Inkludert frokost
  • Treningsrom
  • Restaurant/café

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Grillplass
  • Strand
  • Bærplukking
  • Båt er tilgjengelig
  • Klatring
  • Gårdsarbeid
  • Ferskvannsfiske
  • Vandring
  • Jakt og fiske
  • Kajakkpadling
  • Natursti
  • Svømming
Sykling
  • Sykling
Kano og kajakk
  • Kajakkpadling
Fisking
  • Fiskekort påkrevd
  • Ferskvannsfiske

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - gratis
  • Parkering for busser
Tjenester
  • Gratis WiFi
  • barnestol tilgjengelig

Taste Norway

Lokalmat
  • Lokal mat
  • Norsk mat
  • Tradisjonell mat
Restauranter og kafeer
  • Julemat
  • Skjenkebevilgning
  • Lokale matretter
  • Lunsj
  • Tradisjonell mat

Aktiviteter

Strender
  • Familievennlig
Facility Info
  • Konferanserom 1
  • Rask Internett-tilgang - Konferanserom true
  • Maksimal møteromskapasitet 30
  • Projektor true
  • Number of Rooms 1

Facts

Lansdscape
Fjord area
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 15' 9" N / 7° 14' 5" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad