Pluscamp Sandvik





Pluscamp Sandvik ved Sognefjorden er omgitt av mange forskjellege aktivitetar og attraksjonar, og er difor eit godt utgangspunkt for ein fin ferie.
Pluscamp Sandvik er ein idyllisk familiecamping i Gaupne ved Sognefjorden.
Campingplassen ligg midt i ein gamal frukthage, og det er utsikt til ein brearm av Jostedalen frå plassen. Pluscamp Sandvik ligg i eit område mellom tre nasjonalparkar, og er ein god base for aktivitetar og attraksjonar i nærleiken. Det er moglegheiter for å bli med på guida breturar, kajakkturar, rafting og andre organiserte aktivitetar. I fjella rundt Pluscam Sandvik er det mange merka fjellturar ein kan gå på, mange av dei har fantastisk utsikt.
Sanitærbygningen tilbyr familierom med toalett, dusj og stellerom tilpassa dei minste. På sanitæranlegget er det også opphaldsrom med kjøkken og spiseplasser. I tillegg er det vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel.
Aktivitetar på Campingplassen
På Pluscamp Sandvik er det 28 hytter med ulik standard og størrelse. 12 av hyttene er enkle campinghytter utan dusj og toalett, og 16 av hyttene er vinterisolerte, høgstandard hytter med dusj og toalett, og fullt utstyrt kjøkken. På Pluscamp Sandvik finn du leikeplass med klatrestativ, trampoline, sandkasse og huske. Saman med Gaupnetunet er det 24 hotellrom og 28 hytter med ulik standard og størrelse.
Frå alle hyttene og heile campingområdet får du god utsikt til ein brearm av Jostedalsbreen. 30km frå campingplassen finn du Nigardsbreen, dette er den brearmen som er best tilgjengeleg.
Fiskemulegheiter i elv, sjø og vatn.
- Vaskerom
Kilde: Visit Sognefjord AS
Pluscamp Sandvik