Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Skånevik

Postvegen mellom Skånevik og Etne

Postvegen mellom Skånevik og Etne

Postvegen er ein populær turveg og ein kjent kulturattraksjon. Vegen var ein del av den gamle "Den Stavangerske Hovedveg" frå Bergen til Stavanger.

Høgdeskilnad

10 -640 moh.

Estimert tid

3 – 4 timar, 9 km.

Turkart

Etne – Saudafjella 1:100.000

Startpunkt og parkering

Gode parkeringshøve både i Skånevik og i Etne, evt. ved gamleskulen

Turomtale

Postvegen er ein populær turveg og ein kjent kulturattraksjon. Vegen var ein del av den gamle ferdslevegen "Den Stavangerske Hovedveg" frå Bergen til Stavanger. Høgaste punktet på turen er Varleitet (640 moh.) med utsikt nordover mot Sunnhordlandsbassenget.

Postvegen vart bygd som rideveg, og den er fast og fin å gå på. Følg skilting fra gamleskulen til du kjem inn på sjølve postvegen. Stien går bratt oppover mot turens høgaste punkt, Varleite, ca 600 m.o.h. Herfra er det fin utsikt over både Etnebygda og Skånevik og Sunnhordlandsbassenget, med Ulvanosi som høgaste punkt i horisonten. Det er mogleg å gjere avstikkarar til Heggelinuten og Stølehetta herfrå. Turen vidare til Skånevik på god sti. Siste del av turen ned til Skånevik går på traktorveg.

Adkomst

Kjør E 134 til Etne og ta av til den gamle skulen.


Her finn du gode råd for fjellturar.

Last updated: 02/05/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Postvegen mellom Skånevik og Etne

Sider du nylig har besøkt