Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Forsand

Preikestolen - fottur

  • +47 51703660
  •  /  km From You
Overview
Details

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden.

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden. Den største opplevinga får ein på toppen av det 25 x 25 meter flate platået. Her kan ein nyte fantastisk utsikt over vakre Lysefjorden! Det er gode badevatn og rasteplassar langs stien.
Husk godt fottøy, varme klede, mat og eventuelt stavar.

Turen tek ca 4 timar tur/retur, ca 6 km.
Hovedsesong: april - oktober.

Korleis kome til Preikestolen:
Med eigen bil: Ferje frå Stavanger til Tau, køyr sørover langs Nasjonal turistveg Ryfylke og følg skiltinga til Preikestolen. Avgiftsbelagd parkeringsplass ved Preikestolen fjellstue. Eller køyr til Lauvvik og ta ferje frå Lauvvik til Oanes. Følg Nasjonal turistveg Ryfylke og skiltinga til Preikestolen.

Reis kollektivt: Ta ferje frå Stavanger til Tau og buss vidare frå Tau til utgangspunktet for turen (i sommarsesongen), anten med Boreal Transport eller Tide Buss/Norled. Sjå meir på www.boreal.no og www.tidebuss.no
Utanom sesongen: ta ferje frå Stavanger til Tau, buss frå Tau til Jørpeland og taxi det siste stykket frå Jørpeland.

Dersom du ynskjer større utfordringar - kan du ta ein annan veg tilbake.
Her er tre forslag til å forlengje turen:
1. Legg tilbaketuren via toppen av Moslifjellet. Skilt viser kvar den flotte rundløypa tar av. Frå den 718 meter høge toppen er det utsikt over store deler av Ryfylke.
2. Frå Preikestolen følgjer ei delvis varda løype sørvestover langs kanten av Lysefjorden. Her kan du sjølv avgjera kor mange og kor luftige utsiktspunkt du vil oppsøka. Frå Skåpafjellet vender du nordover og passerer garden Torsnes før du kjem tilbake til Preikestolen Fjellstue.
3. Frå Preikestolen følgjer du hovudstien tilbake til Neverdalskardet. Vidare følgjer du ei merka løype austover til Bratteli ved Lysefjorden. Herfrå kan du ta rutebåt tilbake til Lauvvik/Stavanger - eller vidare inn fjorden til Flørli eller Lysebotn.

Preikestolen kan også opplevast frå sjøen, anten på sightseeing-båt eller turistferje frå Stavanger, Lauvvik, Forsand eller frå fleire anløpsstader i Lysefjorden. Sjå prisar og rutetider på www.norled.no og www.rodne.no.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

General

Effort level
  • Lett
Landscape
  • Skogsområde
Season
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Outdoor Activities

Hiking
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Fjord area
Season
Autumn
Click to activate
Forsand, Norway
The latitude and longitude
58° 59' 10" N / 6° 11' 13" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad