Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Forsand

Preikestolen

  • Preikestolvegen, Forsand
  • +47 51703660
  •  /  km From You
Overview
Details

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden.

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden. Frå gammalt av hadde platået namnet Hyvlatånnå (høveltanna). Det ca 25 x 25 meter flate fjellplatået blei truleg forma ved frostsprenging for 10000 år sidan. Frå platået kan du nyte utsikten inn heile Lysefjorden. 

FOTTUREN 
Den største opplevinga får ein på toppen av platået. Preikestolen Fjellstue ligg nær Rv 13 sør av Jørpeland og nåes med bil eller om sommaren også med buss frå Tau. Herfrå går det sti til Preikestolen i småkupert terreng. Det er gode badevatn og rasteplassar langs stien. Husk godt fottøy, varme klede, mat og eventuelt stavar.

Høgdeforskjell: 350 meter
Turen tek ca 4 timar tur/retur, 6 km
Hovedsesong: april - oktober

Det er avgiftsbelagt parkeringsplass, infokiosk og sanitærbygg ved p-plassen.

TRANSPORT TIL PREIKESTOLEN, KJERAG OG I LYSEFJORDEN 

SPREKKEN I PREIKESTOLEN
Preikestolplatået kan synast å vera skore ut med kniv. Det vinkelrette sprekkmønsteret er svært tydeleg når man ser platået ovanfrå. Man kan fornemma at store blokker ved sida av Preikestolen har rast ned i Lysefjorden. Langs heile fjorden finn me såkalla trykkavlastningssprekkar, og eit godt døme på dette er sprekken i Preikestolen. Då Lysefjordbreen smelta for drøyt 10.000 år sidan, forsvann trykket frå isen, og fjellet sprakk opp. Det er enkelt å tenkja seg kva som skjer når sprekkane vert djupe nok.

AKTIVITETAR I PREIKESTOLOMRÅDET
Er du av dei som trur at det berre er ein ting å gjera i Preikestolområdet, nemleg å gå til Preikestolen? Her kan du gjera spanande ting dag etter dag. Preikstolen fjellstue og Base camp byr på aktivitetar litt utanom det vanlege. Bu i fjelltoppane, fjellveggen eller like over vannflate. Padle i kajakk eller Stand-Up Paddle. 

OVERNATTING I OMRÅDET 
Preikestolen fjellstue
Sted: Ved utgangspunktet for fotturen til Preikestolen.
Avstand frå turstien til Preikestolen: 100 m

Preikestolen Camping 
Sted: Preikestolvegen/Jøssang
Avstand frå turstien til Preikestolen: 4 km

Lysefjorden Marina
Sted: Forsand v/ Lysefjorden
Avstand frå turstien til Preikestolen: 17 km

Fossanmoen Islandshestsenter
Sted: Forsand
Avstand frå turstien til Preikestolen: 19 km

Verkshotellet
Sted: Jørpeland
Avstand frå turstien til Preikestolen: 9 km

Lilland hotell
Sted: Tau
Avstand frå turstien til Preikestolen: 20 km

OPPLEV PREIKESTOLEN FRÅ SJØEN
Preikestolen kan også opplevast frå sjøen, anten på sightseeing-båt eller turistferje frå Stavanger, Lauvvik, Forsand eller frå fleire anløpsstader i Lysefjorden. Kombibåten går også dagleg heile året (utanom laurdagar) frå Lauvvik og Forsand til Lysebotn. 
Sightseeing: www.norled.no og www.rodne.no
Kombibåt: bestilling.kolumbus.no
Turistbilferje: www.thefjords.no

Preikestolen er også oppført som naturattraksjon i Ryfylke Multiguide - ein gratis app for smarttelefonar.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Årstid
  • Sommer

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering

Facts

Season
Summer
Click to activate
Forsand, Norway
The latitude and longitude
58° 59' 29" N / 6° 8' 16" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad