VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Prestfossen i Lom

  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview

Prestfossen er ein foss i den verna elva Bøvra midt i sentrum av Lom sentrum, Fossbergom.

Prestfossen er ein foss i elva Bøvra midt i sentrum av Lom sentrum, Fossbergom.

Fossen deler Lom sentrum i to, og ligg der riksveg 15 kryssar Bøvra, like før elva løper ut i innsjøa Skim. Prestfossen har gjennom tidene vore nytta til å drive både mølle og sagbruk, og det har og vore eit lite kraftverk ved fossen.

Elva Bøvra - verna vassdrag: 
Elva Bøvra er eit verna vassdrag, og har sitt utspring frå Bøverbreen, som er ein av tre brearmar på Smørstabbreen (Bøverbreen, Leirbreen, Sandelvbreen). Smørstabbreen er den største breen i Jotunheimen og er rundt 14 km² stor.

Bøvra drenerar store deler av Jotunheimen, og ein god del av Breheimen. Dette er såleis ei typisk flaumelv, der variasjonane i vassmengda kan sprike frå 1 m3 til 300 m3 i sekundet. Bøvra er også rekna for å vera av dei mest slamdrivande elvene i heile Noreg, dette grunna all slam og sediment forårsaka av breane våre.

Opphavet for Lom nasjonalparklandsby:
Det var nettopp her det spede opphavet til eit bygdasenter kom i 1769 og -70. Da leigde nemleg dei fire gardane, Gjeisar, Kvåle, Skjæsar og Skånsar seg «kvernstøde», plass til kvern ved Prestfossen. Det eldste huset på sørsida av elva, var denne kverna frå 1774. Denne reiste i Storofsen i 1789, men var seinare oppbygd att.

Lom sentrum, Fossbergom, er i dag ein av fem tettstadar i Noreg som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

Matkultur:
På omtrent same tomta finn du i dag Bakeriet i Lom. Dette har vorte ein kjent og kjær plass for folk frå heile landet. Bakeriet vart opna i 2004 av meisterkokk og bakar Morten Schakenda, 114 år etter at Lom fekk sitt fyrste bakeri i 1890.

Like ved finn du også Smak i Lom, som opna i 2014. Smak i Lom tilbyr lokaproduserte mat- og drikkevarar, deriblant det eigeproduserte ølet Lomb. I 2017 opna Nye Brimibue, der Arne Brimi og dottera Tina mettar svolten på gjestane med sine kulinariske kunstar. Med eit slik tett matsentrum, er det lett å forstå kor viktig mattradisjonane har vore i distriktet her!

Prestfosstraversen:
Vaieren som heng under Prestbrua, er ein travers, ein zipline, kalt Prestfosstraversen. Denne vart etablert i 2009, og har vorte ein populær aktivitet for både store og små. Traversen går over den mektige Prestfossen midt i Lom sentrum, og under Ulstadbrua. Ta kontakt med aktivitetsselskapet Aktiv i Lom om du ynskjer nærkontakt med fossen.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages