Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

ØLVE

Presthus Gard

Book

Feriehuset ligg ved Ølvesvika, eit innløp til Hardangerfjorden, 30 km frå Folgefonna nasjonalpark. Her har du fullt utstyrt kjøken, gratis Wi-Fi og utsikt over Kvinnheradsfjella.

Presthus Gård har eit sittehjørne, peis, flatskjerm-TV, stove, flislagt bad med dusj og wc, ekstra wc, vaskemaskin og tørketrommel. Innreiing i tradisjonell stil med trebjelker i taket og moderne fasilitetar.

Overnattingssteden ligg ved sjøen, har stor hage, strand og eit båthus med brygge. Her kan du leige ein eller fleire små motorbåtar samt syklar (ta med hjelm sjølv). Du kan også låne kano.

Det historiske Baroniet Rosendal ligg 30 km unna med bil og ferje. Bergen lufthamn Flesland og Bergen sentrum ligg begge under 2-timars kjøretur unna.

Feriehuset kan leigast på døgnbasis utan fast skiftedag.

 

Ynskjer du å kombinere ferien i Ølve med ein tur til Bergen? Presthus Gård/Nicoll AS leiger ut flott leilegheit i Bergen om sommaren.

Bergen, Damsgårdsveien 41: Nybygd leilegheit 83 m2 frå 2011, som ligg på brygga i det nye og spennande bymiljøet som veks fram langs Damsgårdssundet nær Bergen sentrum. Leilegheiten ligg i 4. etasje, og har ein stor balkong som vender mot vatnet. Flott utsikt mot bykjernen, Fløien og Ulriken. Med gangbro over Pudderfjorden har du sentrumkjerna med alt den har å by på innen gåavstand fra leiligheten.

For meir informasjon om utleigeobjekta ta kontakt på e-post.

 

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Presthus Gard

Book

Sider du nylig har besøkt