VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Røisheim | Fottur til Knippen

  • +47 61212031
  •  /  km From You
Overview

Gå i gamle fotefar mot Noregs tak, Galdhøpiggen - langs den historiske vandreruta frå Røisheim hotell i Bøverdalen.

Galdhøpiggen vart bestige for fyrste gong i 1850. Den gong gjekk det ikkje veg til Juvasshytta, og turane som tok 16 (!) timar, starta ved gamle Røisheim skysstasjon i Bøverdalen. Bli med på delar av den historiske vandreruta!

Den gamle ferdselsvegen til Noregs tak, Galdhøpiggen startar midt mellom dei 14 freda bygningane i tunet på Røisheim. Målet er utsynspunket Knippen, der du ser utover dalane Bøverdalen, Leirdalen og Visdalen.

Turen frå Røisheim til Knippen går på godt merka sti oppover skogen i kupert terreng. Du vil snart få flott utsikt over den eventyrlege Bøverdalen. Retur same veg. 

Dette er ein tur du kan gjere så kort eller lang du sjøl ynskjer. Om du fortsett oppover, kjem du etter kvart til Raubergstulen turisthytte, 1000 meter over havet. Denne turen er ein del av stigen Røisheim - Raubergstulen, som var utgangspunktet for dei fyrste guida turane til Galdhøpiggen som Knud Vole (Stor-Knud) gjorde kjent på slutten av 1800-talet.

Vidare ligg Juvasshytta 1840 meter over havet. 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages