
Røisheim er eit unikt hotell i Bøverdalen, med røter som skysstasjon frå 1858. Kombinerer moderne komfort med god mat, historisk sus og rike naturopplevingar. Perfekt utgangspunkt for fjellturar i Jotunheimen!
Gjennom hundreår har Røisheim tilbydd husly for reisande mellom aust og vest. Eit opphald i dag er ei reise i historia, med femstjerners krav til komfort og kulinariske opplevingar. Hotellet var opphavleg ein gamal skysstasjon frå 1858, med verna hus i tunet frå 1700-talet. Røisheim er del av De Historiske hoteller og spisesteder. Tunet på Røisheim består av 14 verneverdige hus i eit frodig landskap, og hotellet har 24 rom – alle med si unike særpreg som vitnar om staden si historie. Kulturarven i dei freda husa blir teken vare på gjennom bruk og nøye vedlikehald i samarbeid med den norske Riksantikvaren. Med beliggenheit ved Sognefjellsvegen er Røisheim eit ideelt utgangspunkt for tur til Galdhøpiggen og sommarskiturar, brevandring og toppturar i Jotunheimen. Staden har gjennom tidene vore møtestad for fjellfolk, kunstnarar og eventyrlystne – og er framleis ein inspirasjonskilde for gjester som søkjer ro, natur og smakfulle opplevingar. Det gamle stabburet fungerer som kunstgalleri. Her stiller ulike kuntnarar ut verka sine kvar sommar. Hotellet har òg samla kunst frå kunstnarar som gjennom historia har latt seg inspirere av den flotte naturen og den heilt spesielle stemninga på Røisheim. I spisesalen er det mellom anna utstilt nokre av Gerhard Munthes bilde som vart måla på Røisheim. Røisheim er ope frå mai til oktober.
Kilde: Visit Jotunheimen AS