Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hardbakke

Råkeneset DNT hytte

  • Råke, Solund
  • +47 90788354
  •  /  km From You
Overview
Details

Råkeneset er DNT si vestlegaste hytte og er ein gammal husmansplass som ligg på Råke nord for Hardbakke i Solund kommune. Området rundt dei gamle husa er ein fredleg stad, med slåttemark, svaberg og det vakre sundet inn til Råke.  


 


All bebyggelse og mykje av omgjevnadane er freda av Riksantikvaren, noko som krev varsam framferd når ein oppheld og overnattar i huset på Råkeneset.


 


Det 250 år gamle stovehuset fortel si eiga historie om livet til fiskarbonden som i arbeid og kvile fann sitt utkome på Råkeneset. Det kan vere verdt å tenkje på når ein stig inn i det vesle stovehuset. Sjølv om ”bruk er den beste form for vern”, må ein merke seg at dette er eit heller skjørt byggverk, som krev at ein er varsam når ein oppheld seg i huset.


 


Kjøkenkroken er tilrettelagt med gasskokeapparat og kokekar i tillegg til dekketøy. Drikkevatn finn ein i dunkar som er plasserte ved inngangsdøra. Merk: dette må berre nyttast som drikkevatn. Vatn til vask og reingjering finn ein i brønnen. Merk: Ver varsam når ein opnar luka til brønnen.

Praktisk informasjon: 
- Hytta er ubetjent og opa heile året (må låne DNT-nøkkel)
- Hytta har 8 sengeplassar
- Hytta driftas av Sogndal Turlag
- Det tar ca 10 min å køyre frå Råke til kommunesenteret Hardbakke som har daglegvarebutikk og servicetilbod. 

Adkomt: 
Råkeneset ligg 20 minutt gange frå fylkesvegen til Strand. Her kan ein parkere langs vegen. Stien sørvest til Råkeneset går gjennom utmark og følgjer den gamle ferdselsvegen til Råkeneset.

 


Turruter i nærleiken av Råkeneset


Fjellområda aust for Råkeneset og Råke er dei blant dei vestlegaste i landet. Få høgdemeter opp frå stranda har ein storslagen utsikt over øyar, spanande landskap, vakker kyst og Nordsjøen. Stiane er ikkje godt merka, men turen opp til Pollatinden (541 moh) når ein frå Råke og lenger nord i nærleiken av p-plassen.

Har ein kajakk gjev øyane vest for Råkeneset mange spanande opplevingar. For dei som ikkje har eigen kajakk er det mogleg å leige kajakkar av bedrifta Solund Natur.


Dette er ikkje tillete på og ved Råkeneset:


Ein må ikkje påføre skade eller foreta seg noko som kan skade inventar eller bygningar. Telting er ikkje tillete på den del av Råkeneset som er verna, sjå oppslag. Dette må føregå i utmark og ikkje på innmark, etter dei reglar som gjeld jfr. allemannsretten. Ein må ikkje kaste stein på sjøen. Det må ikkje tennast open eld eller nyttast grill som vert plassert rett på mark, stein eller svaberg.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båt er tilgjengelig
  • Jakt og fiske
Kano og kajakk
  • Kanopadling
Fisking
  • Ferskvannsfiske
Click to activate
Solund, Norway
The latitude and longitude
61° 6' 50" N / 4° 49' 50" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad