Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Røldal

Røldal Turistinformasjon

  • Kyrkjevegen 27, Odda
  • +47 53642033
  •  /  km From You
Overview
Details

Røldal Turistinformasjon ligg i Røldal sentrum, Odda kommune, rett nord for Ryfylke, med opningstid frå medio juni til medio august.
 
Håra i Røldal er endepunktet for Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv 520) over Røldalsfjellet (vinterstengt). Rv 13 gjennom Brattlandsdalen til Nesflaten ved Suldalsvatnet er og ein heilårsopen opplevingsveg og del av den historiske Discovery Route.  

Om sommaren er Røldal eit vakkert og spanande område for fotturar og fjellturar med Hardangervidda Nasjonalpark som næraste nabo.

I tillegg er Røldal eit fint område for aurefiske - fritt stongfiske i Røldalsvatnet medan du i fjellvatn i området treng fiskekort. 

Stavkyrkja finn du i hjarta av bygda og er den største turistattraksjonen i Røldal. Her kan du sjå det undergjerande krusifikset som har tiltrekt seg pilegrimar gjennom fleire hundreår. Kyrkja er frå 1200-talet, og er dermed ei av dei eldste i landet. Pilgrimsturar frå m.a. Suldal endar her. 

Røldal er og eit godt utgangspunkt for bilturar og er knutepunktet for vegane mot Ryfylke, Hardanger og Telemark. 

Røldal er dessutan kjend som den mest snørike staden i Europa, og er du glad i skikkeleg vinter vel du Røldal! The deepest snow in Europe. Langrennsløyper frå oktober til mai, Røldal Skisenter er normalt ope frå november til mai, og topptursesongen varer til langt utpå sommaren. 

Overnatting: frå camping, hytter og gardsovernatting til rom på kro og hotell. 

Odda er næraste handelssentrum til Røldal.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Årstid
  • Sommer

Overnatting

Skidestinasjoner
  • Langrenn

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Langrenn
  • Vandring
Sykling
  • Sykling

Facts

Season
Summer
Click to activate
Odda, Norway
The latitude and longitude
59° 49' 56" N / 6° 49' 15" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad