Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Rafting med kano i Raundalselva

  • Evangervegen 16, Voss
  • +47 97087318
  •  /  km From You
Overview

Padla nedover nydelege Raundalselva i ein oppblåsbar kano eller raftingbåt

Padla nedover nydelege Raundalselva i ein oppblåsbar kano eller raftingbåt!

Eit eventyr for heile familien eller venegjengen! Outdoor Norway tek deg med på ein spektakulær tur nedover Raundalselva, enten i ein liten raftingbåt eller ein oppblåsbar kano. 

Den 5 kilometer lange padleturen startar ved Bjørke, og endar ved Palmafossen. Du styrer raftingbåten eller kanoen sjølv, og guiden padlar ved sidan av i ein kajakk. 

Dette er ein perfekt måte å oppleva det vakre landskapet kring Raundalselva på, samstundes som du får ei utfordring. I løpet av turen vil du padla ned fleire små fossar, men også i roleg vatn der ein kan ta seg ein pause. 

Guiden vil gje deg instruksjonar både på land i vatn, slik at du får med deg tips til ditt neste padleeventyr.

DETALJAR

Frå juni til september
Avgangar klokka 10:15 og 14.00 kvar dag
Minimum tre personar på ein tur
Maksimum 16 personar på ein tur

VARIGHEIT

3 timar totalt. 20 minutt transport til start, og 10 minutt transport attende. 30 minutt til å skifta klede og gjera klart utstyr. 1,5 - 2 timar på elva totalt.

PRIS

Vaksen: 850 kr
Ungdom: 650 kr (for dei fødd mellom 1999 og 2005)
Born: 550 kr (for dei fødd etter 2006)

KRAV TIL GJESTER

Du må vera minimum 4 år for å vera med. Born mellom 4 og 7 år må padla elva i ein større raftingbåt, og ein må vera 8 år for å padla i den oppblåsbare kanoen. Born under 12 år må vera i fylgje med ein vaksen i kanoen.

Er du under 18 år, må foreldre eller føresette signera for deg.

Du må kunna symja, vera under 120 kilo og ha normal fysisk helse.

Ver venleg å informera oss om eventuelle medisinske tilstandar som astma, epilepsi, etc.

DETTE ER INKLUDERT

Profesjonell elve-guiding
Utstyr i topp kvalitet
Oppblåsbare kanoar og raftingbåtar
Årer
Redningsvest
Vasstett jakke
Våtdrakt om det er behov for det
Sko
Transport inn til og ut frå elva
​​​​
DETTE MÅ DU TA MED DEG

Badetøy
Ullundertøy om det er kaldt
Kleskift
Solkrem

EKSTRA INFORMASJON

Ingen førekunnskaper trengst for å vera med på dette. 
Dei oppblåsbare kanoane har plass til 3 vaksne eller 2 vaksne og 2 born i kvar. Maks 280 kilo.
Dei oppblåsbare raftingbåtene har plass til 6 personar i kvar.

PROGRAM

Du finn basen vår på graset ved siden av Voss kulturhus og nedanfor Fleischer's Hotel, like ved Vangsvatnet. Møt opp 10 minutt før turen skal starta.

1. Sjekke inn på basen vår ved Vangsvatnet
2. Få utstyr
3. Shuttlebuss til elva
4. Sikkerheitsinstruksjonar
5. Oppvarming og øving i elva
6. Elvetur
7. Få utstyret tilbake i bilen
8. Køyra attende til basen

 


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Price

Description Price*
Andre opplysninger Vaksen 850,00 1 dag
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad