Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom

Rasteplass | Liasanden på Sognefjellet

20240627_Liasanden_Mari Wedum_iOS (16)
20240627_Liasanden_Mari Wedum_iOS (9)
20240627_Liasanden_Mari Wedum_iOS (10)
Liasanden_nasjonal turistveg_Nils petter Dale
Liasanden_nasjonal turistveg_Nils petter Dale2

Liasanden rasteplass er eit stemningsfullt rekreasjonsområde langs nasjonal turistveg Sognefjellet, i Lom. Rasteplassen er spesielt tilrettelagt for syklistar.

Velkomen til ei grøn perle i skogen langs Sognefjellsvegen - stemningsfulle Liasanden rasteplass! 

Liasanden gjenopna i oppgradert utgåve sommaren 2024 - med nye uteareal med sitjegrupper, oppgraderte toalett og betre fasilitetar for syklistar. Og ikkje minst; bilfritt område! Her kan du kvile og raste på di ferd over vakre Sognefjellsvegen. Liasanden ligg 28 km. frå Lom sentrum, ca. 25 med bil og 1,5 - 2 timar på sykkel frå sentrum. 

​Den rolege, lune rasteplassen i skogen ved Liasand var den første rasteplassen som sto ferdig langs dei nasjonale turistvegane i 1997. Etter 27 år med mange besøkande og mykje trafikk var Liasanden betydeleg nedsliten med skadar på røter og undervegetasjon, og derfor klar for eit løft.

Den oppgraderte rasteplassen er nå å sjå på som eit rekreasjonsområde langs vegen - med nye benkar i tre, og to skur med tak som gir ly for vêr og vind. Dei opphavlege arkitektteikna toaletta frå 1997 blir ståande oppgraderte som eit tidsminne. 

Arkitekt: Jensen & Skodvin

Nasjonal turistveg Sognefjellet: Tek deg frå kulturlandskapet i Lom over høgaste fjellovergangen i Noreg til inst i Sognefjorden. Strekninga er totalt 108 kilometer lang og går mellom Lom og Gaupne. Toppunktet ligg1434 meter over havet, og gjer vegen til Nord-Europas høgaste fjellovergang.

Nasjonal turistveg Sognefjellet - les meir her!

Gpx-filer til nedlasting for gps og navigeringsapp.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Rasteplass | Liasanden på Sognefjellet

Sider du nylig har besøkt