VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Raubergstulen | Turisthytte

  • Galdhøpiggvegen 460, Lom
  • +47 61211800
  •  /  km From You
Overview
Details

Raubergstulen turisthytte ligg idyllisk til langs Galdhøpiggvegen, ved foten av Norges tak; Galdhøpiggen.

Raubergstulen turisthytte ligg idyllisk langs Galdhøpiggvegen, ved foten av Galdhøpiggen, 1000 m.o.h. i Lom kommune.

Her er naturopplevingar og aktivitetane i fjellet i fokus, og kjøkenet serverer god heimlaga mat med innslag av lokale råvarer og smakar i ei triveleg og uformell atmosfære.

Overnatting ved Galdhøpiggen: 
På Raubergstulen kan du overnatte på rom, i hytter eller på campinplassen vår. Raubergstulen er eit godt utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen, og turisthytta tilbyr dagleg føring for eigne gjestar i sesongen. Her har du og kort veg til Galdhøpiggen sommarskisenter på Juvbreen, og Galdhøpiggen klatrepark i gåavstand frå hytta. 

Raubergstulen leiger ut både 2-sengsrom og familierom med 3-5 senger. Alle rom har eige bad med dusj og wc, oppredde senger og gratis wifi.

Hytter:
Raubergstulen har fleire utleigehytter i ulik storleik. Hyttene for opptil 7 personar har har god standard med godt utstyrt kjøkken, dusj og wc og stue med peis og tv. Det er 2 soverom nede med 2 senger på kvar og ein hems med 3 senger.

Raubergstulen har to storhytter; Losjihuset og Peisestugu.
På Losjihuset er det ei stue med tv og ein godt utstyrt kjøkenkrok med blant anna oppvaskmaskin, og fire soverom. Tre av dei har 3 senger og det siste 2 senger. Det er eige bad på alle soveromma.

I Peisestugu er det ei stor stue med peis og ein godt utstyrt kjøkenkrok med mellom anna oppvaskmaskin. Her er det tre soverom, to med 4 senger på kvart, og eitt med 2 senger på. Også her er det eige bad på kvart soverom.


Matservering på Raubergstulen:
Etter ein lang dag ute i fjellet er det viktig med god mat og riktig kosthald. Kjøkkenet på Raubergstulen er opptekne av å servere god heimlaga mat laga frå botn av. Det blir servert ein god 3-rettars middagbuffet kvar kveld. Her går gjestane og forsyner seg sjølv og et seg gode og mette.
Raubergstulen turisthytte veit å vedsetje lokale matprodusentar og bruker ein del innslag av lokale råvarer og smakar på kjøkkenet. 
Menyen varierer i løpet av året, og tilgangen på råvarer er med på å avgjere korleis menyen blir.

Frokosten skal vere ein god start på dagen, og det blir servert ein stor frokostbuffet kvar morgon. Her finn du det meste som skal til for å få ein fin start på dagen. Under frokosten er det høve til å smøre seg nistepakke og få fyllt termosen. I løpet av dagen blir det servert varme vafler og enkle lunchrettar med kaffe/te/kakao eller mineralvatn til.

Raubergstulen turisthytte legg til rette for dykk med allergi, så gjev beskjed om dette ved bestilling eller i resepsjonen ved ankomst.

Vertskapet på Raubergstulen har lang erfaring med å arrangere bryllup, konfirmasjon og gebursdagar. Kontakt resepsjonen for å få eit tilbod, forslag på eigen meny, eller andre spørsmål. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guidede turer
  • Natursti
  • Rideturer

Opening hours

15. mai 2020 – 1. nov. 2020
Daily
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages