Raudmelen (50-972 moh) i Balestrand
Raudmelen er ein topp som ragar 972 moh over Balestrand sentrum, det er ein tung tur som går oppover fjellsidene over Balestrand.
På toppen får ein ei fantastisk utsikt over Sognefjorden, både utover mot stølsheimen og innover mot Fjærland og Leikanger
Turen startar ved Belehalli på same stad som dei merka naturstiane. Vi vel raud løype mot Raudmelen. Turen går først langs den merka naturstien men tek snart av frå denne og fyl raud løype oppover. Etter ei forholdsvis bratt stigning er det fint å ta pause ved Orrabenken (370 moh). Herifrå har ein flott utsikt over Balestrand Sentrum og Sognefjorden.
Etter orrabenken fyl vi stien vidare oppover på blå merkingar og over på raud merking, der den bå stien til Bala- og Fjærestadstølen går nedover att. Neste punkt på vegen er Buråsi (575 moh) som også er ein fin rasteplass og har fantastisk utsikt over Sognefjorden og Esefjella. Vidare frå Buråsi går vi mot toppen langs fjellryggen og har god utsikt nedover begge sider. På eine sida er det grøne lier ned mot Balestrand og på den andre, dramatisk fjellvegg ned mot Esedalen. På toppen blir ein lønna av ei fantastisk utsikt over midtre Sognefjordområde.
Turen tek ca 6 timar
Gode råd: Turkart kan ein få kjøpt på Turistkontoret Ein bør ta med godt me drikke då det ikkje er nokon vasskjelder langs ruta
Tilkomst: Frå Balestrand kai/turistinformasjon går du opp Lærargata og vidare på Kreklingevegen før du kjem til Belehalli som er startpunkt. Frå Bøyum- pensjonat er vegane merka med kvite "nature trail" skilt.
For å kome seg til Balestrand kan ein nytte ekspressbuss frå Oslo, Trondheim eller Bergen, ekspressbåt frå Bergen eller med privatbil
Dersom du kjører personbil kjem du til Balestrand via E39 og rv55 frå Bergen og Trondheim, Via E16 og rv55 frå Oslo
- Middels
Kilde: Visit Sognefjord AS
Raudmelen (50-972 moh) i Balestrand