Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Tokke

Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

Ravnejuv
IMG_5044
IMG_2180
Ravnejuv
IMG_5002
IMG_5107
IMG_5127
Paviljong Ravnejuv
Ravnejuv
Infopaviljong Ravnejuv
IMG_5034
Ravnejuv

350m høgt stup med oppdrift!

Naturfenomen ved fylkesvegen frå Dalen til Vinje - eit 350 m høgt stup mot Tokkeåi. Slepp eit blad utfor - og sjå om det kjem att på ein oppgåande luftstraum! Dette har vore ein aktivitet til fryd for born og vaksne sidan turismens morgon. 

Ravnejuv var i si tid ein attraksjon som skapte stor merksemd blant både nordmenn og europearar. Faktisk var tilstrømninga av nysgjerrige turistar så stor at det blei satt opp eit hotell på staden. Prominente gjester kom for å besøke Ravnejuv og det fantastiske naturfenomenet.

Ravnejuv er framleis ein attraksjon som bokstaveleg talt tek pusten frå ein, det bratte stupet ned mot Tokkeåi gjer at det kriblar godt i magen dersom ein er utpå kanten og ser ned.

Les meir om Ravnejuv: http://telemarkshistorier.no/natur/ravnejuv-en-luftig-turistattraksjon/

Kilde: Vest Telemark

Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

Sider du nylig har besøkt