Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Jørpeland

Reinarknuten

  • +47 51743000
  •  /  km From You
Overview
Details

På sørsida av Nedre Tysdalsvatnet i Ryfylke reiser Reinarknuten seg, 787 m.o.h. Frå Nasjonal Turistveg Ryfylke (Rv 13) langs Tysdalsvatnet har ein flott utsyn til det majestetiske fjellpartiet, som saman med andre kringliggjande fjellmassiv i eldre tider var viktige seglmerke for sjøfolk (Bjørheimskjeften).

Den merka turstien til Reinarknuten startar ved parkeringsplass på vegen over Leite mellom Bjørheimsbygd og Jørpeland. Turen har ein høgdeskilnad på 450 meter, med enkelte bratte parti. Fotturen tek 4 timar t/r. Ved den gamle varden på toppen er det ei fantastisk utsikt over Nedre Tysdalsvatnet og store delar av Ryfylkefjordane og Ryfylkeheiane.

For å kome opp til dette populære turmålet, tar du vegen opp til hyttefeltet 4 km sørvest for Reinarknuten. Her er det tufter etter stølsbygningar som kan sporas tilbake til middelalderen.

Frå parkeringsplassen går det merka sti til toppen. Den første kilometeren opp til Strandabrynene, går frå glissen furuskog og over i lyngheier. Vidare er det ein noko brattare kneik opp på sørvestsida av Krossen - før det flater ut vel ein kilometer. Du kryssar nå grensa mellom Strand og Hjelmeland kommune. Den siste biten opp til Reinarknuten har ein stigning frå 600 til 748 m.o.h. og er turens hardaste parti. Frå Reinarknuten er det på klare dagar eit praktfullt skode over store deler av Rogaland, frå yttarste holmar i vest til dei høgaste fjelltopper innerst i Ryfylke.

Ruta til Reinarknuten er første del av ein gammal ferdsels- og drifteveg til Årdal og Årdalsheiane. Du kan fortsette til Målandsdalen frå Reinarknuten.

Før oppstiginga til Reinarknuten kan ein sjå ned Skomakarjuvet til Nedre Tysdalvatnet, eit spennande fotomotiv.

Adkomst:
Eigen transport. Rv. 13 til Bjørheimsbygda. Herfrå følg vegen mot Leite og Jørpeland vel 3 km. Ta til venstre til hyttefeltet i Bjørheimsheia.

Løypa: Merka sti. 10 km, høgdeforskjell 430 m. 4 timer.

Parkering: Opparbeidet.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Årstid
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
  • Natursti

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering

Facts

Lansdscape
Mountain area
Click to activate
Strand, Norway
The latitude and longitude
59° 4' 40" N / 6° 7' 15" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad