VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Reinheimen nasjonalpark

  •  /  km From You
Overview

Reinheimen – i villreinens rike.
"ein stad å finne ro"

Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Noreg, og villmark pregar fjellområdet. I vest finn du eit dramatisk landskap med kvasse tindar og egger, botnar, urer og strie elver. Mot Romsdalen er det kring 1000 meter fritt fall ned Trollveggen. Austover vert terrenget slakare med vidder og rolege flyer, dalane er breiare og elvene flyt stillare. Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Villrein finn gode beiteområde her heile året. Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Folket i bygdene brukar fjellet. I dalane inn mot Reinheimen nasjonalpark finst levande setermiljø med  viktige beiteressursar for sau og storfe. I Tafjordfjella og i vestre delar av Skjåk finst merka turstigar og turisthyttar i og inn til nasjonalparken.

Fakta:
Arealet i Reinheimen nasjonalpark er ca. 1.969 km2 .
Formålet med nasjonalparken er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega fjellområde med eit eigenarta og variert biologisk mangfald. Leveområde for villrein og kulturminne står sentralt i vernet. Området er viktig som referanseområde for forsking med ein stor variasjonsbreidde i høve til geologi, klima, vegetasjon og topografi. Ålmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages