17
Rekkedal Gjestegard – Selskapslokale med lokale smakar













I storslått natur mellom Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden finn du Rekkedal Gjestegard – ein serveringsstad utanom det vanlege, open på førespurnad.
Hos Rekkedal Gjestegard er måltidet meir enn berre å verte mett. All mat blir laga frå botnen av, med kortreiste og lokale råvarer av høg kvalitet – inspirert av både gamle tradisjonar og nye impulsar. Her finst inga fast meny; kvart måltid blir skreddarsydd etter anledning og ønskje. Gjestene blir tekne imot med musserande vin eller hylleblomstsaft frå garden, og får høyre historia om Rekkedal fortald av vertskapet sjølve.
Opplevingar som set sporPå tunet og i dei historiske bygningane frå 1500-talet inviterer Rekkedal Gjestegard til kulturvandring, historieforteljing og servering av lokalmat. Garden ligg nær idylliske Sæbø og Hjørundfjorden – eit område kjend for dramatisk natur og autentiske opplevingar. I tillegg tilbyr dei naturopplevingar – frå lette turar til toppturar i ikoniske Sunnmørsalpane – med spektakulær utsikt og frisk luft som tillegg til den gode maten.
Eit tun med historieGjestegarden ligg på ein gamal slektsgard med røter heilt tilbake til år 500. Bygningane er frå 1500-talet, og dagens vertskap – Karen Rekkedal og Tov Lerheim – utgjer 20. generasjon på garden. Historia sit i veggane, og atmosfæren er ekte og nær – ei ramme som gir alle arrangement eit personleg preg.
Praktisk informasjonRekkedal Gjestegard held ope for førehandsbooka selskap og tilbyr mat- og kulturopplevingar i kombinasjon med naturopplevingar og overnatting. Totalpakkar kan tilpassast både private grupper og næringsliv. Det er stengt søndagar og måndagar.
- Gjesteparkering
- Lokal mat
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Rekkedal Gjestegard – Selskapslokale med lokale smakar