Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Ressurshistorietur

  • +47 56385050
  •  /  km From You
Overview

10 000 år. Bli med til Kystmuseet, sjøbruksmiljøet i Ovågen og oljeteknologianlegga på Kollsnes for ei spanande reise gjennom ressurshistoria til Øygarden.

Turen startar med film og utstilling på Kystmuseet. Opplev korleis folket på kysten har nyttiggjort seg naturressursane gjennom 10.000 år. Deretter besøkjer vi det gamle sjøbruksmiljøet i Ovågen med gamle båtar, fiskereiskapar og fantastiske fangsthistorier. I eitt av nausta finn du utstillinga ”Eg rodde meg ut”, som fortel soga om heimefisket. Neste mål er olje- og gassanlegga på Kollsnes. Her passerer vi steinbygde tørkehus og kvernhus før du plutseleg er i eit science fiction-landskap av avansert gassteknologi. Kollsnes er moderne ressurshistorie der våtgass vert ført i land, prossessert og sendt ut i Europa. Neste attraksjon på turen er Herdlevær, ei naturperle med historie heilt tilbake til vikingtida. Her ute ligg ressursrike fiskeplassar på rekkje og rad. På veg tilbake ser vi fleire kulturminne frå tidlegare tiders landbruk og husdyrhald.

BESTILLING
Turane må avtalast på førehand. Ved å bli med på guida tur ut i området får ei større oppleving av hovudutstillinga inne.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Øygarden, Norway
The latitude and longitude
60° 34' 0" N / 4° 51' 52" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad