Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Byglandsfjord

Revsnes hotell, Kurs og konferansesenter

  • +47 37934650
  •  /  km From You
Overview

Revsnes hotell ligg idyllisk til, rett ved Byglandsfjorden. Eit tradisjonsrikt hotel omkransa av flott natur, og med mange spennende opplevingar og aktiviteter å tilby.

Revsnes hotel har gjennom tider vore ein naturleg stoppestad for reisande på veg gjennom vakre Setesdal. Dei fleste hotellromma vender ut mot fjorden eller mot heia. Nærleiken til fjorden gir ro til sjela, og etter ei god natt søvn i gode senger venter eit godt frokostbord med nystekte brød neste morgon, alt inklusiv i romprisen. Parkering er selvfølgelig gratis, og du har fri wifi i heile hotellet.

Hotellet har ein rik historie, og til gode opplevingar høyrer god mat og drikke. Hotellets a la carte meny er ein miks av kontinentalt kjøkken og god, næringsrik, kortreist mat med lokal forankring. Menyen vert endra i takt med naturleg tilgang på sesongbaserte ferske råvarer, og du kan nyte det heile i ein koseleg restaurant med interiør i tradisjonell stil. På veggene i restauranten heng mykje biletkunst frå Setesdal si historie, og elles er det godt å kunne kvile blikket på fjorden og brygga utanfor meda du tek deg tid med måltidet.

I tillegg til restaurant og konferanseavdeling finn du barer, hyggeleg lobbyområde med sofagrupper og peis, eit lite bibliotek og ein flott terasse nede ved hotellhagen. Terassen har varmelamper og gode pledd hvis dagen eller kvelden skulle bli kjølig, eller om du skulle ønske å ta morgonkaffen med deg og starte dagen med ei stille stund her.

Ønskjer du å fylle dagen med andre opplevingar og aktiviteter så finn du eit stort tilbud av dette like ved: Elverafting, sykkelpark, paintball, fjellklatring, kano og kajak, river board, fiske, den flotte Mineralparken med fjellanlegget og eigen klatreskog,  gokartbane, turløyper m.m. Hotellhagen har forøvrig ei lita badestrand for den som let seg friste.

Ein tur på fjorden med den gamle dampbåten Bjoren er ein opplevelse du vil huske for livet, og på Landeskogen Peace Center kan du vandre rundt på det flotte området, sjå på utstillingar og få nærkontakt med skogens konge, elgen. Det som begrenser aktivitetane er først og fremst kor mange dagar du kan vere der.

Vinterstid venter flotte løyper og skianlegg på Høgås og Brokke for både born og vaksne. Desse ligg i nær køyreavstand frå hotellet. Vil du bruke dagen ute så kan du få med lunsjpakke.

Byglandsfjordens perle finn du berre ein times kjøretur nord for Kristiansand. 


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
Click to activate
Bygland, Norway
The latitude and longitude
58° 40' 24" N / 7° 48' 28" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad